Nyheter

Opnar for at fattige studentar kan studere i Norge att

På nytt skal studentar frå fattige land få kome til Norge for å studere gratis. KrF sikra siger i statsbudsjettet.

– Dette er verkeleg god bistand, seier hans Fredrik Grøvan, parlamentarisk leiar i KrF.

Sidan saka glapp i 2016, har partiet kjempa hardt for ei særskilt gruppe studentar - menn og kvinner frå fattige land i sør.

– No kan dei på nytt kome hit til landet og få etterspurd utdanning på masternivå, fortel Grøvan.

Totalt løyver Kunnskapsdepartementet og Utanriksdepartementet nær 70 millionar kroner neste år til det som ber namnet Partnarskapsprogram for globalt akademisk samarbeid (NORPART) – noko som er ein auke på nesten 30 millionar kroner samanlikna med årets budsjett.

Viktig at studentane reiser heimatt

I budsjettproposisjonen skriv Kunnskapsdepartementet og statsråd Jan Tore Sanner (H) at programmet «kan dekke heil grad i Noreg for studentar frå det globale sør. Programmet skal samstundes jobbe for å sikre at studentane drar tilbake til heimlandet etter studiane i Noreg.»

– No skal tilbodet bli marknadsført i aktuelle land, og eg er viss på at studentane raskt kjem tilbake til Norge, seier Grøvan.

Utdanne for å byggje heimlandet

Det såkalla kvoteprogrammet blei etablert i 1994. Målet var å gje høgare utdanning ved universitet og høgskular til studentar frå utviklingsland som ville kome heimlanda til gode.

Lånekassa gav dei stipend og lån, på same måte som for norske studentar. Studielåna blei sletta då studentane returnerte til heimlandet etter avslutta mastergradutdanning. Dei som valde å bli i Norge, måtte betale tilbake studielånet.

På topp var det 1.100 kvoteplassar i ordninga. 800 gjekk til utviklingsland eller låginntektsland, og 300 gjekk til land på Balkan, i Sentral-Asia og Aust-Europa utanfor EU.

Prioriterte studentar frå mellominntektsland

Hausten 2015 skrota regjeringa ordninga og grunngav det med at «dei kunnskapspolitiske målsetjingane for ordninga berre i liten grad blir nådde.»

Regjeringa omprioriterte midla til studieprogram som satsa på mellominntektsland, og då særleg BRIKS-landa - Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika. Men målet om fleire studentar frå mellominntektsland fekk universitetstoppar til å reagere:

– Særleg fleire av våre engelskspråklege masterprogram opplever eit sakn etter perspektivrikdommen som kvotestudentane kom med, sa Gro Bjørnerud Mo, prorektor ved UiO, til Vårt Land.

KrF: Ikkje vellukka omleggjing

KrF støtta omlegginga. Men partiet vedgjekk i 2017 at omlegginga slett ikkje var vellukka.

– Omlegginga vi støtta har ikkje gjeve dei resultata vi ønskte. Også vi ser at særleg masterstudentar frå land sør for Sahara uteblir ved norske universitet og høgskular, sa Grøvan, som då var utdanningspolitisk talsmann i KrF.

Klaga KrF for å ha svikta

I 2017 fekk KrF beisk kritikk for å ha støtta omlegginga:

– KrF har svikta studentar frå særleg afrikanske land, refsa professor Anders Breidlid.

Han hadde i mange år hatt ansvaret for eit studieprogram ved Høgskolen i Oslo og Akershus som sende heim ei stor gruppe unge menneske, med topp norsk masterutdanning, til særleg afrikanske land.

Han forklarte at fattige afrikanske studentar hadde blitt bytta ut med særleg rike asiatiske studentar.

LES MER: Fattige studenter kan få ny sjanse

---

Utdanning

  • Kvoteprogrammet for studentar frå fattige land blei etablert i 1994 - og avvikla i 2016. Inn kom eit program for studentar frå mellominntektsland.
  • KrF stemte for omlegginga, men kom fram til at den gamle ordninga var betre.
  • Kjempa fram ei gjeninnføring av kvoteprogrammet i 2020-budsjettet.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter