Nyheter

Opnar fleire matsentralar - startar utdeling

Organisasjonar, kommunar og bedrifter går no saman fleire stader for å etablere matsentralar som deler ut mat til vanskeligstilte. Fire er etablert, fleire er i kjømda.

– Behovet for matsentralar aukar, dessverre, seier Cristianio Aubert.

Han er dagleg leiar for Norges første, Matsentralen i Oslo, og styreleiar i den ferske paraplyorganisasjonen Matsentralen Norge.

Hovudstaden fekk Matsentralen i 2013. I år er det etablert liknande sentralar i Tromsø, Bodø og Bergen.

Får fleire

– Tre til er under arbeid. Dei ligg i Trondheim, Sandnes og Grimstad. I tillegg blir det arbeidd med fleire melomlager her på Austlandet, for her er etterspurnaden etter mat størst, fortel Aubert.

I fjor samla han inn 1.050 tonn matvarer i Oslo-området, som så blei delt ut til ideelle organisasjonar. Brote ned i måltid serverte sentralen heile 2,1 millionar i 2016.

LES MEIR: Matmangel rammar 150.000 nordmenn 

Bodø

I Bodø opna Kirkens Bymisjon – med støtte frå Kavlifondet, fylkeskommunen og Coop – Bodø Matstasjon i juni. Han får matvarer frå åtte daglegvarebutikkar sentralen har avtalar med.

Sentralen ser ut som ein vanleg butikk, med eitt unntak: Han har inga kasse der kundane kan betale.

Her er alt gratis, og dei som kjem innom for mat, kan fylle inntil éin plastpose kvar. Også ideelle organisasjonar kan hente mat på Bodø Matstasjon.

Tromsø

Matsentral i ishavsbyen er blitt til ved eit anna type samarbeid. Her står Fremtiden i våre hender, Kirkens Bymisjon, Frelsesarmeen, Kafe X og Gatemagasinet Virkelig saman med Kavlifondet, Coop Nord, Norgesgruppen og Tromsø kommune.

I motsetnad til Bodø kjører ein i Tromsø ut maten til dei som ber om hjelp. «Vi kan ikke fjerne dine problemer, men vi kan sørge for at du ikke sulter mens du finner løsninger på dine utfordringer», melder sentralen.

LES MEIR: Svinnet skal bli halvert 

Bergen

I Bergen har ideelle organisasjonar funne saman for å etablere ein sentral lik han i Oslo; mat blir samla inn, og så delt ut til organisasjonar som hjelper menneske som slit med å skaffe seg den daglege føda.

Med i foreininga Bergen Matsentral er Kirkens Bymisjon, Frelsesarmeen, Røde Kors, Robin Hood-huset og Blå Kors. Også her er Kavlifondet med.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter