Nyheter

Ønskjer ikkje barn – blei nekta vigsel

Katolikken Alf Pedersen ønskte å gifte seg i den katolske kyrkja i Kristiansand. Men presten ville ikkje vie. Årsak: Paret ønskjer ikkje barn.

– Eg blei svært lei meg. Eg byrja nesten å grine der og då. Avslaget var så brutalt, fortel Alf Pedersen.

Han minnest tilbake til haust­kvelden der han og sambuaren Cathrine Pedersen tok opp saka dei hadde bore på ei stund, med soknepresten i den katolske kyrkjelyden i Kristiansand:

– Vi skal gifte oss, men vi ønskjer ikkje å bli foreldre.

– Kva svarte presten?

– Svaret var at «då kan eg ikkje vie dykk», fortel Pedersen.

LES OGSÅ: Slik forklarer soknepresten hvorfor han sa nei til å vie Cathrine og Alf

Må sei ja tre gonger

Bryllaupet var planlagt til 31. desember. Men før Alf Pedersen og Cathrine Pedersen kunne bli rette ektefolk, måtte paret delta på eit ekteskapskurs i regi av kyrkjelyden. Gjennom fire kveldssamlingar med soknepresten skulle dei bli budde på den store dagen.

Ekteskap er eit av sju sakrament i Den katolske kyrkja – dei seks andre dåp, konfirmasjon, nattverd, skriftemål, ordinasjon og sjukesalving.

Par som blir vigde i katolske kyrkjelydar må svare «ja» på tre spørsmålet, opplyser Oslo katolske bispedømme på heimesida Katolsk.no:

«NN og NN, er det av fri vilje og uten tvang dere er kommet hit for å inngå ekteskap?»

«Vil dere leve som mann og hustru og elske og ære hverandre livet ut?»

«Vil dere med kjærlighet ta imot de barn Gud måtte skjenke dere, og oppdra dem i Kristi og Kirkens ånd?

Har ein sjukdom

– I møte med presten var vi opne på kvifor vi ikkje ønskjer barn og difor ikkje kan svare «ja» på den eine lovnaden, seier Pedersen.

Han har Gaucher sjukdom, resultat av ein sjeldan genfeil, han er ufør og slit med daglege smerter og utmattingar.

– Difor er eg redd for at eg ikkje er i stand til å ta vare på eventuelle barn. Eg er også redd for å barn skal arve min genfeil og få den same sjukdommen.

Pedersen fortel at soknepresten var godt kjent med helsesituasjonen hans. Difor blei han særs overraska over svaret som kom:

– Fordi vi ikkje vil ha barn, var det uaktuelt å vie oss.

Pedersen er langt frå den første som opplever Den katolske kyrkjas barnekrav som vanskeleg. Eit søk i katolske debattforum og katolske aviser verda rundt viser at diskusjonen går høgt om kravet; alle ektepar må seie ja til at dei ønskjer barn når dei blir vigde.

Fekk ekteskap annullert

Alf Pedersen har gått ein lang kyrkjeveg. Han starta som lutheranar og medlem av Den norske kyrkja. Så for sju år sidan konverterte han og blei katolikk. Konverteringa skapte eit problem for Pedersen, som har vore gift ein gong før. Som skilt katolikk kan ein ikkje gifte seg på nytt før det førre ekteskapet er annullert, av institusjonen som ber namnet Tribunalet

I Den katolske kyrkja har kvart bispedømme ein eigen domstol, Tribunalet, som under biskopen har juridisk mynde innafor grensene til bispedømmet.

Alf Pedersen fekk ønskje innfridd. Hans første ekteskap blei annullert. Han kunne få gifte seg på nytt.

LES OGSÅ: Katolsk krav: Ektepar må være åpne for barn

Blir bryllaup nyttårseftan

– Kva skjer med bryllaupsplanane?

– Vi giftar oss den 31. desember, som planlagt. Men vigsla blir i Den norske kyrkja, i kyrkjelyden til sambuaren min. Dei er litt romslegare i den kyrkja, seier Pedersen.

– Ut frå kva du har opplevd, kva tenkjer du om framtida di i den katolske kyrkja?

– Eg er i tenkjeboksen. Eg har ikkje vore på gudsteneste i min lokale kyrkjelyd sidan vi fekk det negative svaret i september. Så eg får sjå. Akkurat no gler eg meg til å bli gift.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter