Nyheter

Omkamp om abortretten i USA

Høgsterett skal avgjere ei sak som kan strame inn abortretten.

På nytt er det ei sak med opphav i Texas som kan endre amerikanske kvinners rett til abort:

• I januar 1973 avgjorde USAs høgsterett saka Roe mot Wade. Jane Roe (anonymisert namn for Norma L. McCorvey) gjekk til sak mot delstaten Texas fordi ho blei nekta abort etter ei valdtekt. Då saka kom til høgsterett, tapte delstatsdommar Henry Wade. Dommen underkjente lovverk og dommar på delstatsnivå der desse kriminaliserte abort. Høgsterettsavgjerda, som gav amerikanske kvinner retten til abort blei avgjort med sju mot to røyster.

• I 2013 vedtok delstatsforsamlinga i Texas ein lov som set høge, medisinske krav til abortklinikkane i staten; dei må nesten vere fullverdige kirurgiske sjukehusliknande klinikkar. Resultatet er at klinikk etter klinikk blir lagt ned grunna høge kostnader, og retten til abort blir innskrenka. Sist veke var saka opp til første gongs behandling i USAs høgsterett, dit avgjerda er blitt anka.

LES MEIR Penger hindrer ikke abort

Dommar

Utfallet i høgsterett er usikkert. For etter at den særs konservative dommaren Antonin Scalia døydde i februar, er det 4-4 i USAs øvste domstol; fire konservative dommarar, fire liberale.

Dommaren som kjem til å avgjere saka, er Anthony Kennedy som har veksla mellom konservative og liberale avgjerder.

Rettsavgjerda er blitt ei viktig sak i den pågåande valkampen i det republikanske partiet om kven som skal vere presidentkandidat i novembervalet.

– Vi er éin høgsterettsdommar unna å miste våre fundamentale fridommar og alle restriksjonar på abort, seier Ted Cruz. Senatoren og juristen frå Texas knivar med Donald Trump om å bli partiets presidentkandidat.

LES MEIR Halvparten tar abort igjen

Nedover

Sjølv om USA har sjølvbestemt abort, går talet på abortklinikkar nedover. Delstatane Mississippi, Missouri, Wyoming, Nord-Dakota og Sør-Dakota har berre ein klinikk kvar. Talet på abortar går også ned; 12 prosent frå 2012 til 2015, melder Guttmacher Institute, som kjempar for retten til abort.

LES OGSÅ: Fryktar virus driv opp illegale abortar

For

Medan alle dei republikanske presidentkandidatane er mot fri abort, er Hillary Clinton, som leiar den demokratiske nominasjonskampen, for.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter