Nyheter

Ny NMS-sjef vraka som biskop to gongar

Helge Gaard er to gongar vraka til å bli biskop. Han blir ny leiar for misjonsorganisasjonen han har vore styreleiar i.

Helge Gaard vert ny generalsekretær i Det norske misjonsselskap (NMS). Han er i dag prost på Karmøy og vart i 2017 landsstyreleiar i misjonsselskapet.

Gaard er truleg mest kjent for å ha vore bispekandidat i Stavanger to gongar. Begge gongane fekk han klart fleirtal i røystinga, men Kyrkerådet vraka han i begge tilfella. I tillegg til å vere teologutdanna frå Misjonshøgskolen i Stavanger, har Gaard omfattande misjonærerfaring frå Madagaskar.

Jefferey Huseby går

Då det i juni i år vart kjent at Jeffrey Huseby ikkje får fornya åremålet som generalsekretær i NMS, var det Gaard sjølv som kom med nyhendet i rolla som styreleiar.

– Landsstyret er takknemleg for den innsatsen Huseby har gjort i NMS. Han har vist stort pågangsmot, følgt opp dei vedtak landsstyret har fatta og vore med på å leie NMS vidare, sa Gaard til Vårt Land den gongen.

Hadde ingen baktankar

Eit halvt år seinare er det Gaard sjølv som tar over stillingen til Huseby.

– Hadde du i tankane at det var du som skulle bli generalsekretær den gongen?

– På ingen måte. Eg tenkte ikkje på det den gongen, difor søkte eg heller ikkje på denne stillinga. Rekrutteringsbyrået gjorde ein god jobb med å overtale meg til å bli med. Fram til eg trer inn i stillinga som generalsekretær held eg fram som styreleiar og samarbeider framleis godt med Huseby.

No ser han fram til å jobbe for organisasjonen han sjølv var misjonær for på 1980- og 1990-talet.

– Det har blitt gjort mykje godt arbeid av dei som har gått føre meg. Eg har også fått vere med på å peke ut retninga gjennom landsstyret. Framover vil eg markere at NMS er eit naudsynt verktøy for Den norske kirke og andre samarbeidspartnarar når det kjem til misjonalt arbeid både heime og ute i verda. NMS kan hjelpe den einskilde kyrkjelyden til å få utsyn over verda.

– Ingen hinder for kvinner

Leiar for innstillingsrådet, Rigmor Frøyen, er nøgd med tilsettinga.

– Vi tilsette han på grunn av erfaringa han har frå ulike hald og at han kjenner organisasjonen godt. Det har vore mange prosessar i organisasjonen seinare år og vanskelege vedtak å ta. Dette kjenner Gaard godt, og han er ein stabil mann i vår situasjon.

– NMS har aldri hatt ein kvinneleg generalsekretær. Var det nokre kvinner som vart vurdert denne gongen?

– Det hadde vi. Nokre var oppe til vurdering, men vi valde ikkje det denne gongen. Det er ingen hinder for at ei kvinne skal kunne vere generalsekretær i NMS. Men det er mykje som skal vurderast, og denne gongen kom vi fram til at Gaard er rett person for oppgåva.

Ser fram til godt samarbeid md NMS

Kristin Gunleiksrud Raaum leia Kyrjkerådet som droppa å tilsette Gaard som biskop. No gratulerer ho med ny jobb.

– Eg vil gratulere han med jobben og ser fram til godt samarbeid med NMS, slik som Den norske kirke har hatt i mange år, seier Raaum.

 

LES OGSÅ:

På dødsleiet skal Morten Hegseth be Gud om å tilgi ham alt. 
Bortsett fra å være homofil

De så for seg en bibelgruppe på 15 personer. Nå har de ikke plass til flere. Hver mandag deltar 550 unge på to timers bibelundervisning i Oslo

– Kirkelig rekruttering trenger et stort løft. Men ikke-vigslede ansatte føler seg oversett på ny rekrutteringsside

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter