Norske institusjonar har for dårlege planar for kontakt med minoritar, meiner OMOD: – Inga betring etter svineinfluensaen
Det går ut over tryggleiken når offentlege institusjonar kjenner minoritetsmiljøa for dårleg, meiner organisasjonen OMOD. No etterlyser dei grep for at viktig informasjon skal nå fram til alle
I årevis har OMOD-leiar Akhenaton Oddvar de Leon jobba for at norsk offentleg sektor skal ha kunnskap om mangfald. Ifølgje han er ikkje arbeidet ferdig enno.
Kristin Lyseggen
Det har gått 16 år sidan Organisasjonen mot offentlig diskriminering (OMOD) sendte eit brev til Helsetilsynet med varsku om for dårleg informasjon til minoritetar. I koronavåren 2020 er framleis ikkje forvaltninga på bølgelengde med minoritetane i Noreg, meiner OMOD.
– Også rundt svineinfluensaen stilte me spørsmål ved styresmaktene sine planar for viktig kommunikasjon. Men enno er det ikkje nokon gode planar for å treffe desse gruppene, seier leiar Akhenaton Oddvar de Leon.
– Fleire med minoritetsbakgrunn blei smitta av korona. Det viser at me treng ein heilskapleg strategi – som treffer alle. Det er ein måte å sikre beredskapen på, seier han.
Bestill abonnement her
KJØP