Det har gått 16 år sidan Organisasjonen mot offentlig diskriminering (OMOD) sendte eit brev til Helsetilsynet med varsku om for dårleg informasjon til minoritetar. I koronavåren 2020 er framleis ikkje forvaltninga på bølgelengde med minoritetane i Noreg, meiner OMOD.
– Også rundt svineinfluensaen stilte me spørsmål ved styresmaktene sine planar for viktig kommunikasjon. Men enno er det ikkje nokon gode planar for å treffe desse gruppene, seier leiar Akhenaton Oddvar de Leon.
– Fleire med minoritetsbakgrunn blei smitta av korona. Det viser at me treng ein heilskapleg strategi – som treffer alle. Det er ein måte å sikre beredskapen på, seier han.
Meiner det er planlagd for dårleg
Problemet gjennomsyrer norsk offentleg forvaltning, meiner OMOD. Dei kan ikkje sjå at byråkratiet har forandra utsjånad på lang tid.
– Forvaltninga har ikkje oppgradert kompetansen sin på mangfald. Etter godt over 40 år med innvandring etterlyser me at perspektivet til minoritetar blir tatt med når institusjonane planlegger beredskap, seier de Leon.
OMOD-leiaren meiner det offentlege bør ha konkrete nøkkelpersonar, radio- og TV-kanalar, organisasjonar og bloggarar i minoritetsmiljøa. Desse kan treffe titusenvis av personar.
– Dette handlar om mangfaldskompetanse, som det dessverre finst lite av. Det er eit etterslep i systemet, samanlikna med verkelegheita, seier han.
LES ÒG: – Korona-tal ut frå landbakgrunn fører til stigmatisering, meiner OMOD
FHI: Kritikken stemmer ikkje
Alle norske styresmakter har noko å lære av koronatida, erkjenner Folkehelseinstituttet (FHI). Mange kunne nok handla tidlegare og meir effektivt.
– Å nå ut til personar som i liten grad følger norske nyheiter og har svake norskkunnskapar er ei utfordring. Det krev kompetanse, og må få merksemd der kor avgjerder blir tatt, seier avdelingsleiar Thor Indseth.
Han meiner det er feil å tru at det ikkje var kompetanse eller fokus på språkutfordringar og innvandrargrupper i FHI då pandemien braut ut.
– Me har eit fagmiljø innan migrasjonshelse som har vore løfta opp på leiingsnivå, og som hadde etablerte kontaktar og nettverk me kunne mobilisere. FHI er òg representerte i Helsedirektoratet sitt fagråd for innvandrarhelse, seier Indseth.
– Allereie 13. mars hadde me omsett materiell og informasjonsvideoar, som blei spreia gjennom ulike kontaktar. Tala for nedlasting viser at strategien har virka, seier han.
– Kompetansen er betre på bakken
Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) ser både betring og sjans til forbetring når norske institusjonar skal tenke mangfald.
– Då dette blei undersøkt i 2012, såg SSB at talet på tilsette med innvandrarbakgrunn var dobbelt så høgt i privat sektor som i statleg sektor. Det kan kanskje gi ein peikepinn, seier seniorrådgivar Morten Sonniks.
IMDI-rådgivaren har inntrykk av at jo fjernare ein kjem frå brukarane, opp til den «reine forvaltninga», jo mindre opptatt blir ein av dette.
– Eg opplever likevel at det er eit fokus på mangfald – spesielt i førstelinja, i tenestane som er nær befolkninga. Der rekrutterer mange for å få tilsette som kan sikre god dialog med brukarane, seier han.
LES ÒG: – USA er prega av systematisk rasisme
Professor: – Eit gjennomdiskriminerande samfunn
– Når ein manglar eit perspektiv i ein offentleg institusjon, heiter det det institusjonell diskriminering, seier OMOD-leiar de Leon.
Professor Marianne Rugkåsa ved OsloMet samtykker.
– Me lever i eit relativt gjennomdiskriminerande samfunn, som minoritetar dessverre opplever kvar dag, seier ho.
Å tenkje mangfald i arbeidet med strategiar i offentleg sektor vil sikre rettstryggleik og likeverdige tenestar for fleire, meiner Rugkåsa.
– Det er viktig å ta høgd for at nokre grupper er vanskelare å nå. Nokon har kort bakgrunn i landet, slit med språket eller lever relativt marginalisert, utan kjennskap til det norske systemet. Då er det viktig å vere bevisst på at kommunikasjonen kanskje bør vere annleis, seier professoren.
Ulik tillit krev ulik kommunikasjon
Rugkåsa meiner at spørsmålet om å «nå alle» alltid bør vere eit tema når det offentlege lagar rettleiarar og handlingsplanar.
– I Noreg har me ein utruleg tillit til velferdsstaten. Men viss nokon kjem frå ein oppvekst i krig, konflikt og har sett overgrep frå styresmaktene, har dei kanskje ikkje den same trua på at det offentlege vil deg vel, seier ho.
Den tilliten meiner Rugkåsa at me ikkje kan ta for gitt. Den må byggast innanfrå i institusjonane, men utad kan godt kvalifiserte tolkar vere ein del av løysinga.
– Folk opplever velferdsstaten gjennom bakke-byråkratane. Det er ikkje Politidirektoratet som dannar biletet vårt av politiet, men betjenten som stoppar meg i Carl Berner-krysset, seier ho.
– Jo mindre erfaring ein har med systemet, jo meir legg ein i desse enkeltmøtene. Derfor er det viktig å få gode profesjonsutøvarar, seier Rugkåsa.
OMOD meiner det hastar å tenkje mangfald i norske offentlege institusjonar. Snart ventar neste utfordring.
– Då kan det same skje med koronavaksina som med svineinfluensa-vaksina – skepsis. Institusjonane må legge ein strategi no for korleis dei skal nå ut med informasjon, seier han.
LES MEIR:
• Disse har motsatte meninger i homofili-spørsmålet. Men begge hevder å ha Bibelen på sin side
• Loveleen Brenna mener: – Minoritetene sviktes i krisen
---
Fakta:
---