Kirke

Normisjon avventar bruk av Plog - bilkonsern vil «opptre i tråd med lovverket»

Kristelege verksemder som hyrer inn vikarar frå Arne Vistes vikarfirma Plog, stoppar ikkje innleiga som følgje av dommen. Bilkonsern seier dei skal «opptre i tråd med lovverket».

Plog har om lag 70 vikarar i systemet i dag, opplyste Arne Viste under straffesaka i Oslo tingrett. Kva som skjer med dei no, ønskjer han ikkje å gå i detalj om.

Advokat Christian Reusch, Vistes forsvarar, vil ikkje fortelje om han har gjeve Plog-eigaren råd om å innstille drifta i vikarbyrået som ein følgje av tingrettsdommen.

– Det ønskjer eg ikkje å kommentere, seier Reusch. Innan 1. november må Viste avgjere om han ankar dommen.

LES MEIR: Viste dømt til fengsel i eitt år på vilkår

Vil kjempe for arbeidsretten til ureturnerbare

Kirkens Bymisjon i Østfold og i Bodø har brukt vikarar frå Plog. No er Viste, som eig og driv Plog, dømt for grove brot på utlendingsloven. Han har gjeve jobb til utlendingar utan lovleg opphald i Norge. Viste er i tingretten dømt til eitt år i fengsel på vilkår, og Plog må betale ei bot på 1,5 millionar kroner og må tåle ei inndraging på 1,4 millionar.

Generalsekretær Adelheid Firing Hvambsal i Kirkens Bymisjon vil korkje seie nei eller ja på spørsmålet om dei vil halde fram med å bruke Plog-vikarar, som alle er såkalla ureturnerbare; asylsøkjarar med endeleg avslag, men som ikkje blir returnerte fordi heimlanda nektar å ta imot dei.

– Dersom det er slik at norsk rettsvesen tolkar lovene slik at ureturnerbare asylsøkjarar ikkje får jobbe, meiner Kirkens Bymisjon at ei lovendring må til. Kirkens Bymisjon vil halde fram å drøfte kva me kan gjere for å bidra i kampen for arbeid til denne gruppa, seier Hvambsal.

Normisjon brukar Plog

Då straffesaka blei avslutta i Oslo tingrett for 14 dagar sidan, fortalde Vårt Land at Normisjon har brukt Plog. I litt over eit år arbeidde ein vikar på ein leirstad organisasjonen eig. Også IMI-kirken i Stavanger, som er ei Normisjons-forsamling, har brukt Plog.

– Arne Viste utfordrar alle oss som sit med ansvar for tilsetjingar i Norge, og det er ei utfordring me har veldig godt av. I Normisjon er det naturleg at me gjer kontinuerlege vurderingar av om det er aktuelt å tilsetje ureturnerbare asylsøkjarar, sa Ole Martin Rudstaden, fungerande generalsekretær i Normisjon, for to veker sidan.

Ventar og ser om Viste ankar

Etter at dommen blei kjent, er Rudstaden litt meir avventande på spørsmålet om Normisjon vil bruke Plog:

– Me ventar og ser om dommen blir anka.

I IMI-kirken er haldninga tydeleg i Plogs favør. Hovudpastor Egil Elling Ellingsen seier kyrkjelyden vil tilsetje nye Plog-vikarar dersom Viste kjem fram til at vikarbyrået kan halde fram som før.

Bilkonsern respekterer loven

Utanfor Kristen-Norge har ei lang rekkje verksemder hyrt inn vikarar frå Plog. Ein vikar arbeider i dag hjå ein Møller-forhandlar. Møller er eit stort nasjonalt konsern som mellom anna sel Volkswagen i Norge. Dagleg leiar i det lokale selskapet ønskjer ikkje å snakke med Vårt Land om kva som skjer med den innleigde Plog-vikaren.

Men Paul Hegna, direktør for konserninformasjon og samfunn i Møller Mobility Group, skriv i ein epost til Vårt Land at konsernet etterlever norsk lov:

«Vi ønsker ikke å gå nærmere inn på denne saken før vi har fått bedre oversikt selv over hva som har skjedd. Men det vi kan være helt tydelige på er vår policy om at alle leverandører vi samarbeider med selvsagt skal opptre i tråd med lovverket.»

LES MEIR: IMI-kirken samlet til forbønn for Viste

Politiet gjer ny vurdering

På Sørlandet vitja politiet eit bilpleiefirma i desember 2017 og gav det 20.000 kroner i eit førelegg for å ha brukt to Plog-vikarar. Men så høyrde ikkje verksemda noko meir frå politiet:

«Saken ble besluttet satt på vent i påvente av straffesaken mot Arne Viste/Plog AS i Oslo tingrett, der dom falt i går. Jeg kommer til å ta en ny vurdering av saken i løpet av kort tid», skriv politiadvokat Jan Are Amundsen i Agder politidistrikt i ein epost til Vårt Land.

---

Plog

  • Vikarbyrå etablert av Arne Viste.
  • Gjev berre arbeid til ureturnerbare, altså asylsøkjarar som har fått endeleg avslag i Norge, men som ikkje kan vende heim fordi regima i heimlanda nektar å ta imot dei.
  • Plog har i fire år gjeve jobb til om lag 70 ureturnerbare.
  • Arne Viste har sidan oppstarten av Plog ønskt å bli tiltalt for brot på utlendingsloven, som han meiner er underordna Grunnloven.
  • Oslo politidistrikt tok ut tiltale i vår, i september-oktober gjekk straffesaka i Oslo tingrett.
  • Tingretten har no dømt Viste til eitt års fengsel på vilkår, samt at Plog må betale bot og tåle inndraging.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke