Nyheter

Norge skal jakte terroristar i Niger

Forsvaret skal sende militære mannskap til Niger for å jakte terroristar. Norske spesialistar skal drive etterretning, opplæring og vegleiing i regionen. Forsvarsdepartementet vil ikkje svare på om Norge skal stoppe migrantar, slik Italia skal.

Etter fredagens statsråd på Slottet informerte Statsministerens kontor (SMK) om at ein spesiell avtale med det vestafrikanske landet Niger er godkjent:

«Inngåelse av avtale mellom Norge og Niger om status for de norske militære som oppholder seg i Niger i forbindelse med militær kapasitetsbygging i Sahel», skriv SMK.

Solberg-regjeringa skal altså få lov til å sende norske militære på oppdrag svært langt unna Norge, og til operasjonar som korkje er leia av FN eller NATO, som Norge vanlegvis sender militære mannskap til.

Forsvarsdepartementet, som har det operative ansvaret for mannskapa som skal til Niger og Sahel-regionen, er sparsommelege med informasjonen.

LES MEIR Italia skal stoppe migrantar i Niger

Driv etterretning

Seniorrådgjevar
 Marita Isaksen Wangberg 
i Forsvarsdepartementet skriv følgjande i ein e-post etter at Vårt Land har stilt fleire spørsmål om den knappe meldinga frå SMK:

«Norge deltar bredt i den internasjonale innsatsen mot terrorisme. Som aktør i denne kampen bidrar Norge aktivt innen en rekke områder, i spennet fra informasjonsdeling til kapasitetsbygging og mentorering av operative enheter. Personell fra Forsvaret bidrar periodevis til kapasitetsbygging i Sahel og i Guineabukta. Denne avtalen regulerer forhold rundt at norsk personell oppholder seg i Niger.

Vi er fornøyd med å ha fått på plass denne avtalen med Niger. Den legger til rette for et samarbeid for å bidra til at Niger kan bedre sin evne til å ivareta sin egen sikkerhet og stabilitet.»

I Sahel-beltet ligg landa Mauritania, Mali, Burkina Faso, Niger og Tsjad.

I Guineabukta ligg landa Elfenbeinskysten, Ghana, Togo, Benin, Nigeria, Kamerun og Ekvatorial-Guinea.

Forsvarsdepartementets talskvinne ønskjer ikkje å svare på utdjupande spørsmål til innhaldet i e-posten.

– Vi har ikkje ytterlegare opplysningar.

Stoppe migrantar

Sist veke fortalte Vårt Land at Italia, etter avtale med Niger, sender 470 soldatar til det vestafrikanske landet. Italias forsvarsdepartement skriv i ei kunngjering at operasjonen i Niger skal:

• Stabilisere området og yte bistand til nigerske styresmakter og dei andre fire landa i ­samanslutninga G5 Sahel: Mali, Mauritania, Tsjad og Burkina Faso.

• Utvikle nigersk forsvar og ­politi, nasjonalgarden og forsvarets spesialstyrkar inkludert.

• Bidra til å styrke særleg grense­kontrollen.

Italias regjering har dei seinare åra brukt store ressursar på å stoppe trafikken med flyktningar og migrantar mellom Libya og Italia. Sidan Libyas statsadministrasjon blei smadra av NATOs bombingar i 2011, har landet vore oppsamlingsstad for hundretusental som søkjer eit betre liv i Europa. Italia har langt på veg klart å stoppe båttrafikken , og ønskjer no å stengje reiserutene gjennom Sahara, nordover mot Libya – og Italia.

Viktig knutepunkt

Då er Niger svært sentralt. Nesten midt i landet ligg oasebyen Agadez. Frå gammalt av har Agadez vore eit knutepunkt for den transsahariske handelen. I dag er Agadez Afrikas fremste knutepunkt for menneskesmuglarar og personar som ønskjer å reise til Europa gjennom Sahara. Det er om lag 200 mil mellom Agadez og Middelhavet.

Wangberg 
i Forsvarsdepartementet vil ikkje kommentere om Norge skal samarbeide med Italia om oppdrag i Niger. Men oppdraget Forsvarsdepartemen

tet omtalar liknar svært det Italias forsvarsdepartement har presentert.

Norge i Sahel

Under Børge Brendes (H) år i Utanriksdepartementet, tok Solberg-regjeringa eit aktivt val om å styrkje nærværet i landa sør for Sahara, land som sender mange migrantar nordover mot Europa:

«Regjeringen har varslet opprettelse av ambassader i Mali og Tunisia som en del av den økte satsingen på sårbare stater. Styrket fred- og forsoningsinnsats, økt samarbeid med regionale aktører, støtte til mer effektive FN-operasjoner og innsats for å bekjempe voldelig ekstremisme og organisert kriminalitet er blant virkemidlene i rammeverket», melde dåverande utanriksminister Brende i ei pressemelding i juni i fjor.

I Sahel-regionen betyr «organisert kriminalitet» særleg menneskesmugling: Organisere transport av flyktningar og migrantar nordover mot Libya, gjennom Sahara.

LES MEIR Sosialdemokratar strammar grensene

Helsar velkomen

Italias statsminister Paolo Gentiloni sa i desember at Niger er eit særs viktig land, for det er Afrikas viktigaste transittland for migrantar som vil til Europa – og; Niger er blant dei mest samarbeidsvillige landa i migrantspørsmål.

Hit reiser no norske militære for å drive «kapasitetsbygging og mentorering av operative enheter».

NATO i regionen

Norges NATO-allierte USA og Frankrike har også soldatar i Niger. USA har utplassert drygt 800 spesialsoldatar i landet. Der, og i Tsjad, Mauritania, Mali og Burkina Faso støttar USA ein franskleia operasjon mot al-Qaida, Boko Haram, og IS i Vest-Afrika.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter