Nyheter

Norge gjev mest av alle

Oljestaten Norge er verdas rausaste humanitære gjevar – om vi måler i høve til brutto nasjonalinntekt. Børge Brende var i Nigeria rett før jul og leverte meir norsk støtte.

– Den humanitære situasjonen rundt Tsjadsjøen er svært alvorleg. I eit område allereie prega av vanskelege levekår treng no meir enn ni millionar menneske­ ­humanitær bistand. Norge vil halde fram arbeidet med å auke den internasjonale støtta til området, sa utanriksminister Børge Brende (H) før møta med nigerianske styresmakter.

Norges utanriksminister har i vel tre år markert som ein ­humanitær utanriksminister. Brende har bygd ned skiljet mellom klassisk bistand og humanitær bistand. Brende har kalla skiljet for «kunstig» – og flytta meir bistandspengar til humanitær innsats.

Heilt på topp

I det Norge gjekk inn i julemodus, varsla Brende at Solberg-­regjeringa ville yte nok eit stort bidrag til FNs naudhjelpsfond Cerf, 380 millionar kroner i 2017. Fondet er ein viktig del av den internasjonale førstelinjeresponsen i humanitære kriser – og Norge er mellom dei største gjevarane.

Norge ligg faktisk på verdstoppen i humanitær bistand – om vi måler i høve til brutto nasjonalinntekt, melder nyhendetenesta IRIN News, som har samla inn tal frå FN og humanitære organisasjonar over kva land som gjev mest.

LES OGSÅ: Når du gir en «like» for flyktningene i Syria, bygger du samtidig omdømme for Aschehoug

USA gjev aller mest

I 2016 er det blitt brukt totalt 22 milliardar dollar på å lindre oppoppande og vedvarande humanitære kriser. Av dette gav norske skattebetalarar 900 millionar dollar – eller nær 8 milliardar kroner. Etter Norge kjem Luxembourg, dei Sameinte Arabiske Emirata, Sverige og Danmark.

900 millionar dollar utgjer 0,18 prosent av Norges brutto nasjonalinntekt i år, har IRIN News rekna ut.

Nyhendebyrået har også laga oversikten over kven som gjev mest – målt i dollar. Her kjem USA øvst med heile 6 milliardar dollar. På dei neste plassane kjem EU, Tyskland, Storbritannia, Japan – og Norge.

LES OGSÅ: Menighet fikk gave fra muslim

Lovar og lovar

No må det opplysast at 22 milliardar kroner er det verdas nasjonar lova å gje til FN i år. Røynda viser at langt frå alle betalar inn det dei har lova.

Den siste rapporten frå OCHA, FNs naudhjelpsorganisasjon, avdekkjer at underdekninga er på heile 10,7 milliardar dollar – FN har fått inn 11,4 milliardar dollar. OCHA opplyser ikkje kva land som ikkje gjev alt dei har lova i år.

Syria får mest

Norge er mellom dei landa som betalar inn det som blir lova av sitjande regjering. Difor er Børge Brende oppteken av å minne alle om å betale. I ei pressemelding i november – der han lova nye 500 millionar kroner til humanitær støtte til Syria-krisa – minna­ utanriksministeren om at FN og humanitære organisasjonar har berre fått inn halvparten av midla til Syria, der 13,5 millionar menneske er i naud.

OCHAs siste tal stadfester dette biletet.

Utanriksdepartementets meldingar over kva land som har fått humanitær støtte frå Norge i år, viser at det store sprik. Syria får desidert mest. Landet har førsteprioritet.

LES OGSÅ: Stortinget sikret historisk høyt bistandsnivå

47 millionar til Syria

Sidan oktober 2013 har Solberg-regjeringa løyvd nesten tre milliardar kroner til den humanitære krisa i Syria. I andre enden av mottakarskalaen ligg Den sentralafrikanske republikk (SAR). I november melde Brende at Norge gjev 47 millionar kroner til landet:

– Befolkninga i Den sentralafrikanske republikk er utsette for væpna konflikt, overgrep og humanitær naud, forklarte Brende – og minna om at ikkje alle gjev det dei lover, også her:

– FN og hjelpeorganisasjonar har berre fått inn 30 prosent av midla til humanitær innsats og Norge bidreg difor med ­ytterlegare 47 millionar kroner i ­bistand, fortalde Brende.

LES MER: Feirer religionsfrihet åtte dager til ende

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter