Nyheter

Norge betalar 50 millionar kroner til flyktningleir i Rwanda

Norge har støtta EU med 200 millionar for å halde flyktningar og migrantar unna Europa. No brukar regjeringa 50 millionar i flyktningleir midt i Afrika.

Fire unge menn frå Somalia. Alle braut opp frå heimlandet, kjøpte seg plass på den farefulle smuglarferda til Libya.

Men dei kom seg ikkje over Middelhavet i ein gummibåt. Dei stranda i ein leir i Libya. Draumen om Europa er framleis berre ein draum. No er dei flydde fleire tusen kilometer sørover på det afrikanske kontinentet, til flyktningleiren Gashora i Rwanda. Billetten blir betalt av Solberg-regjeringa.

LES MEIR: Betalar Marokko for å halde flyktningar unna Europa

Regjeringa sa nei - og ja

I oktober deltok justisminister Jøran Kallmyr (Frp) på EUs justis- og innanriksministermøte – og sa at det var uaktuelt for regjeringa å slutte seg til eit forslag frå Tyskland, Frankrike, Italia og Malta. Norge vil ikkje ta i land fleire flyktningar og migrantar i Europa, og fordele dei mellom europeiske land.

Justisministerens kollega, utviklingsministeren, vitja flyktningleiren Gashora på torsdag. Dag Inge Ulstein (KrF) hadde med seg 50 millionar kroner, pengar som skal betale oppussinga av leiren og drift ut året.

Blei torturerte i leirar i Libya

I leiren som ligg nesten 60 kilometer utanfor hovudstaden Kigali møtte Ulstein fleire av dei 189 som er flydd frå Libya til Rwanda dei siste vekene.

– Inntrykka er mange og sterke, det er nesten uråd og gjenfortelje dei, for mange har opplevd så forferdelege ting, seier KrF-statsråden på telefon frå Gashora.

Han fortel om paret frå Sudan som kom til Libya i 2016, som fekk eit barn i leiren dei kalla «fengselet», som har opplevd tortur; med elektrosjokk, som no skal prøve å reise seg, i Rwanda.

– Gashora blir starten på eit betre liv, seier Ulstein.

MØTE: Utviklingsminister Dag Inge Ulstein fekk møte fleire av dei 189 som har kome til Gashora frå Libya, her ein liten familie på tre.

FN med bøn om mange millionar

Ulstein kom til Rwanda med 50 millionar kroner fordi FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) i september ba om 10 millionar dollar, eller nesten 100 millionar kroner. Flyktningleiren i Gashora skal vere eit transittmottak med plass til 500 som skal få tett helseoppfølging. Totalt har FN planar om å fly 4.700 flyktningar frå leirar i Libya til Gashora.

– Kvar går ferda vidare, etter at transittopphaldet er over?

– Fleire blir kvoteflyktningar og får kome til tredjeland, andre blir repatrierte til heimlanda og nokre kan få bli i Rwanda, seier Ulstein, og fortel at Norge skal fylle opp årets Libya-kvote med flyktningar frå Gashora-leiren.

Kva busetjing i Rwanda inneber, er ikkje avklart. Ei heller kva rettar dei vil få i eit land som allereie husar 150.000 flyktningar, hovudsakleg frå nabolanda Burundi og Kongo.

Norge støttar EUs stopptiltak

I fire år har EU arbeidd for å stoppe båttrafikken over Middelhavet til Europa. I 2015 sidan kom det vel ein million. Hittil i år har det kome 104.000 - 85.000 over havet, 19.000 over land, fortel Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM).

Hausten 2015 etablerte EU eit Afrika-fond, som finansierer to hovudtiltak:

Ved å sikre økonomisk vekst og sysselsetjing i afrikanske land skal folk freistast til å bli, ikkje migrere.

Hindre flyktningar og migrantar frå å nå Europa, særleg stoppe båttrafikken over Middelhavet.

Solberg-regjeringa har løyvd 200 millionar kroner til EU Trust Fund For Africa, som blant anna finansierer drifta av Libyas nye marine, som plukkar opp båtfarande og fraktar dei tilbake til leirar i Libya.

LES MEIR: Livsfarlige leirer i Libya

Senter. EU foreslo i fjor å etablere mottakssenter i Nord-Afrika, noko Solberg-regjeringa ikkje avviste. Men ingen land i Nord-Afrika ville ha EUs mottakssenter.

I haust blei UNHCR, Den afrikanske union (AU) og Rwanda samde. Det sentralafrikanske landet skal huse ein transittleir. I september landa det første flyet i Kigali. 66 flyktningar frå Sudan, Somalia eller Eritrea blei kjørt til Gashora. Fly nummer to kom førre veke.

«Må hjelpe flyktningane der dei er»

Utviklingsminister Dag Inge Ulstein er glad for at regjeringa kunne svare positivt på FNs pengebøn.

– Me må hjelpe flyktningane der dei er. Her er me med og utviklar gode løysingar saman med andre aktørar.

Snart landar eit nytt Libya-fly i Rwanda.

---

Flyktningar

  • 1.918 personar hadde søkt asyl i Norge då oktober gjekk over i november, opplyser Utlendingsdirektoratet. Ikkje sidan 1990-talet har så få kome seg til landet og søkt vern og opphald.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter