Nyheter

Norge avviste rom i både 1934 og 1945

Både jødar og sigøynarar sto på Adolf Hitlers utryddingsliste. Berre eit fåtal norske rom overlevde dødsleirane, men i 1945 var dei ikkje velkomne i Norge.

I år er det 75 år sidan andre verdskrig tok slutt. I år er det òg 75 år sidan Norge nekta å sleppe inn norske rom som overlevde konsentrasjonsleirane.

Minoriteten rom innvandra til Norge midt på 1800-talet - og møtte raskt institusjonalisert diskriminering. I 1927 vedtok Stortinget ein lov som sa at minoriteten ikkje var ønskt i Norge, dei blei nekta å reise inn i landet.

Først i 1956 oppheva Stortinget «sigøynarparagrafen» i framandloven frå 1927. Dei folkevalde kom fram til at han var rasediskriminerande. I perioden 1955–1972 fekk dei fleste rom med norsk statsborgarrett innvilga norsk statsborgarskap.

Nekta innreise til Norge

I 1934 prøvde 68 personar frå sju familiar i Belgia å reise tilbake til Norge, landet dei fleste var fødde i. Dei søkte seg vekk frå diskriminering i Belgia. Men dei blei stoppa på grensa mellom Tyskland og Danmark. Norge ville ikkje vite av dei, sjølv om familieoverhovuda hadde norske pass.

Norske styresmakter viste til paragraf 3 i framandloven av 1927:

«Sigøynere og andre omstreifere som ikke godtgjør å ha norsk statsborgerrett, skal nektes adgang til riket».

Definerte som «mindreverdige» menneske

Dei 68 måtte til slutt gje opp, og vende tilbake til Belgia. I åra fram til 1940 var norske rom praktisk talt låst inne i Belgia, og måtte leve etter nye strenge reglar som hadde eit siktemål; kue minoriteten. For Belgia ønskte ikkje å ha folkegruppa i landet. Difor måtte norske rom leve med trakassering og fengsling.

I 1942-1943 blei dei arresterte og deporterte. Sjefen for SS, Heinrich Himmler, gav ordre om at sigøynarane skulle samlast i konsentrasjonsleirar. For nazistane klassifiserte folkegruppa som ein «mindreverdig og kriminell rase».

– Etter krigen tenkte me ofte på at mykje ville vore annleis om me hadde fått kome inn i Norge den gongen. Mange av dei som blei igjen i konsentrasjonsleirene ville ha vore i live i dag, sa to av dei som overlevde, Milos Karoli og Frans Josef, i eit intervju med NRK om Norges oppførsel i 1934.

I alt blei 66 norske rom deporterte til tyske leirar, Auschwitz inkludert. Berre fire overlevde. Tre norske romfamiliar blei nærast totalutsletta.

Først etter rundar i retten fekk Josef- og Karoli-familiane kome inn i Norge og bli norske statsborgarar.

Opplevde massiv diskriminering

Kunnskapen om diskrimineringa av norske rom var lenge veik. Først i 2015 fekk storsamfunnet eit grundig innsyn i korleis Norge hadde handsame folkegruppa som fekk status som nasjonal minoritet i 1999, etter eit stortingsvedtak.

I rapporten Å bli dem kvit - Utviklingen av en «sigøynerpolitikk» og utryddelsen av norske rom viste Holocaustsenteret fram den syste matiske diskrimineringspolitikken skiftande regjeringar og storting førte før og etter andre verdskrig.

Største minoritet i Europa

Rom er Europas største minoritetsgruppe, men det finst ingen sikre tal på kor mange som reknar seg som rom. Men Europarådet meiner det bur rundt 12 millionar rom i Europa. Rom flest finn ein i Sentral-Europa og på Balkan.

LES MEIR:

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter