Norge aukar støtta til sikker abort for fattige
To globale organisasjonar får nesten 180 millionar frå Norge til arbeidet med seksuell helse og trygge abortar. Fokus hadde gjerne sett meir grasrotstøtte.
I Guatemala er abort berre lov om livet står på spel for den gravide. No står det ein strid i landet; konservative politikarar vil strame loven ytterlegare, liberale vil mjuke opp abortloven. Desse demonstrantane i Guatemala by ønskjer det første. «Nei til abort. Ja til livet» og «Guatemala elskar Gud. Nei til abort. ja til livet» står det på plakatane.
Santiago Billy
– Fleire gode søknadar frå små organisasjonar har fått avslag i denne runden, noko som er synd, for «dei når heilt ut», for å seie det slik. Dei er viktige grasrotorganisasjonar som verkeleg vil styrke arbeidet med seksuell reproduktiv helse og rettar.
Gro Lindstad er dagleg leiar i Fokus – Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål. Organisasjonen er den einaste norske som utelukkande arbeider med kvinners rettar og likestilling internasjonalt.
Lindstad er glad Norad omsider har avgjort kven som får norsk støtte frå kvinneløyvinga til Utanriksdepartementet og oppfølginga av FNs tryggingsrådsresolusjon om kvinner, fred og tryggleik.