Statens investeringsfond for næringsvirksomhet i utviklingsland (Norfund) har fått mykje kritikk for å investere gjennom skatteparadis. Norfund har forsvart bruken av skatteparadis som Mauritius med at målet ikkje er å unngå skatt eller skjule eigarskap eller opplysningar, men at det er viktig for å få andre investorar med på laget. Norfund har understreka at skatteparadisa fondet brukar, har strukturar og opplegg som gjer det lettare og sikrare å investere i fattige land.