Nyheter

– Noreg er så perfekt som det går an å bli

Amerikanske Ann Jones fortel kva ho sit att med etter fire år i Noreg. Og korleis det har endra synet hennar på heimlandet.

«Etter at eg budde i Noreg, kjennest USA som bakvendtland» er tittelen på den nylege kommentaren til journalist og forfattar Ann Jones.

Den vart først publisert i amerikanske The Nation, og sidan omsett til norsk av både Aftenposten og VG.

Teksten er eit krasjkurs i sosialdemokrati, ifølgje skribenten sjølv.

– Mange amerikanarar forstår ikkje korleis det fungerer. Nokre av lesarane som har tatt kontakt seier dei aldri kunne budd i Noreg, der staten kontrollerer alt, seier Jones til Vårt Land.

Jobba i krigssoner

Jones kom til Noreg hausten 2011. Før det budde ho i Afghanistan. Ho reiste dit rett etter at USA stoppa bombinga av landet, i 2002.

– Eg var så ueinig i Bush-administrasjonens politikk. Og eg meiner at om du har ei sterk, politisk meining, så bør du gjere noko med det, seier ho engasjert.

LES OGSÅ: Obamas middel mot Trump: Moskébesøk

Journalisten og forfattaren har jobba i fleire krigssoner sidan 2001 – i Midtausten, Afrika og Afghanistan, ofte for å styrke kvinners rettar.

– Eg jobba med afghanske kvinner, for å prøve å bygge opp att det som alle dei grusame krigane i landet hadde øydelagt. Eg reiser tilbake kvart år, fortel ho.

Frå krig til Noreg

«Det var forfriskande å kunne gå på tur i eit land utan landminer, og gå på kafe utan å frykte ei bombe», skriv Jones i kommentaren sin om den første tida i Noreg.

– Afghanistan blir alltid klassifisert som det verste landet i verda å vere kvinne i. Noreg er alltid på topp av desse listene. Det var interessant å kome til det totalt motsette, seier 79-åringen.

LES KOMMENTAREN: Trump er en storkjeftet parentes

Jones kjende seg fort som heime i Noreg. Kanskje ikkje rart, sidan både besteforeldra og oldeforeldra var norske.

– Vi åt lutefisk kvar julaftan då eg vaks opp, fortel ho.

Amerikansk angst

Hausten 2015 flytta Jones tilbake til USA. Men ho var tilbake i Noreg allereie i jula.

– Eg sakna det sånn!

– Kvifor?

– Kjensla av det. Det er vanskeleg å forklare. En kjenner seg så avslappa i Noreg. Eg veit folk der lever travle liv, men den angsten som eg kjenner på i USA, er fråverande, seier ho.

– Mange har det verkeleg vondt i USA i dag. Dei innser at landet går bakover, og dei bekymrar seg for kva framtida vil bringe.

Nesten perfekt

I teksten om Noreg er Jones innom mange tema – økonomi, arbeidsliv, likestilling, barneoppseding, helsetenester. Velferdsstaten, med andre ord. Og den blir framstilt i eit særs godt lys.

– Du skriv, mot slutten, at Noreg ikkje er perfekt. Men eg har ei kjensle av at du meiner det er nære på. Stemmer det?

– Noreg er så perfekt som det går an å kome i dag, trur eg. Men eg er litt bekymra også, seier ho.

LES OGSÅ: Amerikanere tviler på at Trump er religiøs

Ho nemner boka «Den delte byen» av Heidi Marie Kriznik, som handlar om to jenter som veks opp på kva si side av Oslo, og får veldig forskjellege liv på grunn av det.

– Det viser at ulikskap er i vekst. Større ulikskap er ein enorm trussel mot alle dei skandinaviske landa, meiner Jones.

Ikkje lenger eit demokrati

Ho fryktar at mange nordmenn framleis ser opp til USA.

– Amerikanarar og nordmenn snakkar som om vi trur på dei same verdiane. Vi brukar ord som demokrati og fridom. Men det betyr forskjellege ting, meiner ho.

– Eg trur ikkje nordmenn forstår korleis situasjonen i USA er no. Eg skulle ynskje dei kunne lære meir om det, slik at dei ikkje blir freista til å følgje vårt eksempel.

Ifølgje Jones er ulikskapen blant dei amerikanske innbyggjarane blitt så stor at landet ikkje lenger kan kalle seg eit demokrati. Ho ser heller ikkje føre seg korleis landet kan bli eit sosialdemokrati i framtida.

– Dei rike i dette landet er så mektige. Dei har så mykje pengar som dei berre kan kaste rundt seg. Alle våre presidentkandidatar, med unntak av Bernie Sanders, får støtte frå dei. Vi har ikkje demokratiske val lenger, slår ho fast.

Amerikanarar vil flytte

Demokraten Bernie Sanders har nemnt Noreg og Skandinavia i valkampen, som døme på land USA bør sjå opp til.

– Men han har ikkje klart å forklare sosialdemokratiet så veldig godt, ler Jones.

Likevel trur ho mange amerikanarar er interessert i å lære meir om sosialdemokratiet.

– Så teksten min kom på eit godt tidspunkt. Vi har fått mange positive tilbakemeldingar. Men også hatpost, seier ho.

LES OGSÅ: Det ble uro da demokratenes partiplattform ikke nevnte Gud

Nokre sender brev og uttrykker bekymring for framtida i USA. Somme foreslår at Jones kan reise tilbake til kommunistlandet Noreg, om ho tykkjer det er så fint.

Andre igjen lurer på korleis dei kan flytte til Noreg.

– Eg bad dei kontakte UDI. Så det kan vere de er i ferd med å få ei ny bølgje innvandrarar frå Amerika, ler ho.

Ein bortskjemd nasjon?

Fleire tusen nordmenn har også lese teksten hennar i omsett versjon. Den har blitt delt hyppig på sosiale media.

Mange kommenterer at dei kjenner seg bortskjemde. At nordmenn burde vere meir takksame, når vi har det så godt.

– Fekk du inntrykk av at nordmenn er bortskjemde då du budde her?

– Eg trur mange er bekymra for at den yngre generasjonen er for bortskjemd – at dei ikkje innser kva dei har. Mange verka også bekymra for materialisme. Folk har for mykje ting og veit ikkje kva dei skal med det, seier Jones.

Ho tek det som eit godt teikn at folk stiller spørsmål ved det.

– De er komfortable, men samtidig tenker de på kva konsekvensar det har. Men eg håper at folk, i tillegg til å kjenne seg takksame, vil delta meir aktivt for å halde på det systemet som er i Noreg i dag, seier 79-åringen.

– Noreg må ta vare på flyktningane

Då eg spør om negative sider ved livet i Noreg, tek Jones ei lita tenkepause.

– Kanskje det at eg aldri lærte språket. Men det er berre min eigen feil, ler ho.

Etter å ha tenkt seg om, nemner ho flyktningsituasjonen.

– Eg fekk inntrykk av at folk i Noreg har dårleg kjennskap til og mistru mot folk frå andre kulturar. Eg trur ikkje mange har hatt høve til å møte så mange innvandrarar, seier ho.

– Slik er det i mange land. Eg forstår at den nye flyktningsituasjonen er vanskeleg, sidan det kjem så mange. Men nordmenn er flinke til å ta vare på alle. Eg håper det vil halde fram slik.

Jones dekte 22. juli-rettssaka for amerikanske media då ho budde i Noreg.

– Då fekk eg høyre mange høyreekstreme haldningar. Det er etter mi meining den mest øydeleggjande delen av det norske samfunnet, seier journalisten.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter