Nøler med oppgjer med gamle overgrep
Norge har eitt urfolk og fem nasjonale minoritetar. Norge strevar med å gjere opp for gamle synder. Sverige og Finland har starta gransking. Norge nøler.
Etter jubileumsgudstenesta i Trondheim 6. februar møtte statsminister Erna Solberg (t.h.) to samiske leiarar, sametingspresident Vibeke Larsen (i midten), og Tiina Sanila-Aikio (t.v.), president i det finske sametinget. Ho har fått gjennomslag for kravet om gransking av den finsk assimileringspolitikk. Larsen strevar med å overtyde Solberg om at det også er naudsynt i Norge.
Wold, Ole Martin
6. februar er Samefolkets dag. I vinter markerte storsamfunnet at den samiske kampen for urfolksrettar hadde vart i 100 år. Statsminister Erna Solberg (H) talte i Trondheim og sa at skiftande regjeringar har dei siste tiåra ført ein aktiv samepolitikk å rette opp dei negative verknadane som kom av fornorskingspolitikken.
Tre månader seinare blir eit anna bilete rissa opp i Stortingets høyringssal 1 – dagen før dagen før dagen då Norge skal feire nasjonaldagen, samhaldet, Norge og det norske – eit bilete som fortel at det er eit stykkje veg å gå:
– 40 prosent (av norsk samar, red.anm.) opplever diskriminering i dag. Det er uhøyrt høgt, fortel Raimo Valle, tidlegare statssekretær for same- og minoritetssaker i Stoltenberg II.
Bestill abonnement her
KJØP