Nyheter

'No er det nok!'

Søndag tok kvinner til gatene i Oslo, Stavanger og Bergen for å krevje ei annleis framtid.

Denne helga deltok kvinner i USA og fleire andre stader i verda i massedemonstrasjonen Women's March, også i Noreg. Oslos nye biskop, Kari Veiteberg, var ein av appellantane i hovudstaden. Metoo-kampanjen er livsviktig, meiner ho – vi må få has på den teiekulturen som finst, også i religiøse miljø og i kyrkja.

– Metoo viser berre kor viktig det er å stå opp og seie frå, og med Women's March kan vi markere solidaritet til alle som prøver å ta eit oppgjer. Dette må opp til overflata og snakkast om for at vi skal kunne endre på det, seier ho til Vårt Land rett før appellane starta på Youngstorget.

«No høyrer vi kvinner som i heilag vreide seier: No er det nok!», seier ho i sin eigen appell, og viser til at teiekulturen er sterk i kyrkja og andre religiøse samanhengar. Metoo-kampanjen er livsviktig, fordi han er skamdrepande, og kan bidra til å bryte mønster der skam og skuld blir forsterka i religiøse rom.

Politisk

Det er gått eitt år sidan millionar av menneske marsjerte i byar over heile verda i protest mot den kvinnefiendtlege retorikken ein vart vitne til under den amerikanske valkampen. Marsjen skulle vere eit tydeleg bodskap til den nye amerikanske administrasjonen om at kvinnerettar er menneskerettar.

– Bakgrunnen er, vil eg tru, sjokket blant veldig mange veljarar - særleg kvinner - over at ein sexistisk mann vann over USAs første kvinnelege presidentkandidat, seier Hilde Restad, forskar på amerikansk politikk ved Bjørknes Høyskole.

Protesten er den største i amerikansk historie, og berre i New York var det i år over 200 000 demonstrantar - over heile USA er marsjen partipolitisk, men sterke oppmodingar til kvinner om å stille til val og å stemme.

– Det ser ut til at det vil bli fleire kvinnelege politiske kandidatar og fleire kvinnelege veljarar. Det vil heilt klart få konsekvensar for amerikansk politikk framover, seier Restad.

Vil vise omfanget

I Noreg starta det med Brit–Agnes Sværi, initiativtakar og medarrangør til Women's March Norway, som også er med på å koordinere alle dei 200 marsjane som går føre seg utanfor USA.

– I fjor starta det med at eg såg at det var ein Facebook-event for Women's March i Washington D.C. for verdiar som mellom anna likestilling, inkludering og kvinners rettar, og eg tenkte at dette er jo ikkje verdiar vi kan ta for gitt lenger – vi må gjere noko.

I Noreg er jo 8. mars relativt godt etablert som demonstrasjonsdag for kvinners rettar. Treng vi ein dag til?

– Vi har same målsetting som 8. mars, men vi jobbar også på internasjonale arenaar. Og vi må hugse at det er mange land som ikkje har nokon som helst tradisjon med å markere 8. mars, som har byrja med det etter Women's March.

Historisk skile

I motsetning til den meir partipolitiske Women's March i USA, er det norske utgangspunktet meir verdibasert. I år er det både Women's March Norway og #MeToo som står bak arrangementet i Noreg, som vil sette søkelyset på omfanget av trakassering i alle former. Også i Noreg har Metoo-rørsla skapt eit enormt engasjement for å få til ei strukturell endring i samfunnet, og representerer for mange eit historisk skilje.

– Det handlar meir om kvinner skal ha same rettar og bli møtt med respekt som menn - ja, om folkeskikk, rett og slett, seier Sværi.

Sidan i fjor har alle avsløringane Metoo-rørsla har ført med seg, vore som bensin på bålet.

– Ein blir både litt oppgitt og endå meir engasjert.

Skamdrepande

Blant appellantane i Oslo finn vi Iselin Shumba, skodespelar og representant for #stilleforopptak, Kama Dualeh frå Black Lives Matter Norge, John Peder Egenæs, generalsekretær i Amnesty International Norge og Kari Veiteberg, biskop i Oslo.

– Metoo viser berre kor viktig det er å stå opp og seie frå, og med Women's March kan vi markere solidaritet til alle som prøver å ta eit oppgjer. Dette må opp til overflata og snakkast om for at vi skal kunne endre på det, seier ho til Vårt Land rett før appellane starta på Youngstorget.

«No høyrer vi kvinner som i heilag vreide seier: No er det nok!», seier ho i sin eigen appell, og viser til at teiekulturen er sterk i kyrkja og andre religiøse samanhengar. Metoo-kampanjen er livsviktig, fordi han er skamdrepande, og kan bidra til å bryte mønster der skam og skuld blir forsterka i religiøse rom.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter