Nyheter

Nettkamp mot antisemittisme

Det Mosaiske Trossamfund skal førebyggje myter og stereotypiar om jødar – med statleg hjelp.

Tysdag kom nettstaden jødedommen.no opp på verdsveven. Kommunalminister Monica Mæland (H), som har ansvaret for Norges fem nasjonale minoritetar, fekk æra av å gjere sida synleg for alle og ein kvar som er ute og surfar etter kunnskap:

– Vi lever i ei tid med eit hav av tilgjengeleg informasjon. Men det vi ser, er at mange av påstandane som blir spreidde, er ikkje rette, og dei spreier seg uhyggjeleg raskt. Då er det endå viktigare at seriøse aktørar kan kome ut med rett kunnskap – og at den er lett tilgjengeleg, poengerte Mæland (H).

Nettstaden er ein del av regjeringas handlingsplan mot antisemittisme.

LES MEIR: Ein knust jødisk draum

Sett innanfrå

Forstandar i Det Mosaiske Trossamfund, Ervin Kohn, seier jødedommen.no har merksemd på jødedommen slik han blir praktisert mellom norske jødar – sett innanfrå.

Kohn meiner kunnskap avlivar myter, og hentar fram eigne opplevingar:

– Ei framstilling eg sjølv blei konfrontert med som barn, var at det jødiske samfunn søkte å isolere seg og at vi såg på oss sjølve som betre enn andre. Vi var jo Guds utvalde folk, må vete.

LES MEIR: Antisemittismen florerer

Kamp for plan

Regjeringas handlingsplan mot antisemittisme blei lansert i 2016, og strekkjer seg fram til 2020. Planen blei ein røyndom etter at KrF hadde pressa på i ei årrekkje. Difor var det ein glad partileiar som tysdag kunne vere med lanseringa av nettstaden.

– Lenge stod vi åleine om å krevje ein handlingsplan, men så fatta omsider Stortinget eit samrøystes vedtak, og vi fekk ein plan, fortel Knut Arild Hareide.

Han er svært glad for informasjonsarbeidet Det Mosaiske Trossamfund har sagt ja til å drifte gjennom jødedommen.no

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter