Nyheter

Nektar papirlause løyve til å arbeide

SV meiner det må bli slutt på at papirlause som arbeider er på kant med lova. Løysinga er å gi dei arbeidsløyve, meiner partiet. – Det er meiningslaust, seier regjeringa.

– Folk som ikkje kan bli sende ut av landet må få jobbe lovleg. ­Regjeringa må innsjå at situasjonen er uhaldbar og at friviljuge som jobbar i felt ser nauda og avhjelper den ved å la folk som kan arbeide gjere det, seier stortingsrepresentant Karin Andersen (SV).

Uavklart

Vårt Land skreiv fredag at Kirkens Bymisjon har tilsett tre papirlause etiopiarar som ikkje kan bli tvangs­returnerte til heimlandet, på sin kafé i Bodø. Det er gjennom ­bemanningsbyrået Plog AS at dei tre er tilsette på kafeen.

Desse personane har utreiseplikt etter vedtak frå UDI, men kan ikkje bli tvangsreturnerte av den norske staten. Difor bur mange av dei framleis på norske asylmottak med ein uavklart ­situasjon. Andre bur hjå familie og privatpersonar i Norge.

Arne Viste, som driv Plog AS, meiner at alle har grunnlovsfesta­ rett til å arbeide, og at papir­lause difor bør få arbeidsløyve og skattekort.

LES MEIR: Mottaksdrivar: – Ureturnerbare går til grunne

Bøter

Ifølgje politiet er det ulovleg å tilsette papirlause, og verksemder som har tilsett ­papirlause gjennom Plog, har fleire gongar blitt sanksjonert med bøter av politiet.

– Politiet ga 1. juni bot til ei verksemd i Kristiansand, som vaskar bilar, som er ein av mine kundar. Erfaringa viser at ­politiet ikkje vil følgje opp bota med rettssak. Eg tolkar det som eit forsøk på å truge, men dei vil ikkje gjennomføre det, seier Viste.

Han meiner at politiet unngår å rettsforfølgje desse sakene­ fordi dei er redde for at ein domstol vil slå fast at staten sin praksis er ulovleg. Agder politidistrikt ­hadde ikkje høve til å kommentere dette då Vårt Land tok kontakt.

Karin Andersen på Stortinget meiner heller ikkje at det er brot på lova dersom papirlause ­arbeider.

– Det Kirkens Bymisjon gjer er ikkje svart arbeid i ordets rette forstand, men dette er ikkje ei løysing der nauda blir avhjelpt. Det må ei varig endring til, og SV meiner vi må ha ein type ­arbeidsløyve til papirlause, ­seier Andersen.

LES MEIR: Ber om verdige løysingar

Meiningslaust

Regjeringa meiner på den andre sida at det ikkje er nokon grunn til at papirlause skal få arbeidsløyve.

– Personar som ikkje har ­behov for vern skal reise heim. Dei har ikkje lov til å være her, då blir det meiningslaust å gi dei eit arbeidsløyve. Omsynet bak regelverket er at ein ikkje skal gjere Norge attraktivt for personar som ikkje treng vern, å søke asyl, seier statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet Torkil Åmland (Frp).

Utreiseplikt

Han er ikkje ­einig i at denne gruppa papirlause er fanga i ein fastlåst ­situasjon der dei ikkje kan reise ut av landet, men heller ikkje kan vere norske borgarar, slik mellom anna Viste og SV meiner.

– Dei over 1.300 personane som sit i mottak og har utreise­plikt er ikkje ureturnerbare. Dei har nettopp ei utreiseplikt fordi norske utlendingstyresmakter har avgjort at dei ikkje har ­behov for vern, og at dei kan reise til heimlandet, seier statssekretæren.

Grunnen til at dei framleis er i Norge trass i at dei har utreise­plikt, er at dei fryktar tortur ­eller andre formar for forfølging i heimlandet, ifølgje Viste.

– Dei reiser ikkje heim friviljug, og politiet klarer ikkje tvangsreturnere dei. Nokon har også prøvd friviljug retur, utan å lukkast, seier han.

Utfordrar

SV vonar det kan bli fleirtal på Stortinget for å løyse den uavklarte arbeidssituasjonen for dei ureturnerbare.

– Vi vil utfordre dei andre ­partia til å stikke fingeren i jorda og bli med på endringar som gjer at menneske som reelt sett ikkje kan bli returnerte kan forsørgje seg sjølv, i staden for å sitte fast i ein limbo utan utsikter, seier Andersen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter