Nyheter

Nektar å spele i vigsel

Organistar og kyrkjetenarar vil ikkje delta når likekjønna skal viast i kyrkja.

– I tida etter kyrkjemøtevedtaket har organistar og kyrkjetenarar meldt seg og sagt at dei ønskjer å få på plass ei reservasjonsordning lik den prestane i Den norske kyrkja har, fortel forbundsleiar Geir Møller i Kirkeansatte.

– Kor mange snakkar vi om?

– Under ti, seier Møller, som leiar ein arbeidstakarorganisasjonen som er ein del av YS.

Rundt 6.000 organistar, kyrkjetenarar, kyrkjelydsforvaltarar, kyrkjeverjer, og kontortilsette har dei kyrkjelege fellesråda som arbeidsgjevar. Om lag 1.400 er medlem i Kirkeansatte.

LES MER Prester vil ikke vie likekjønnede par

Vigsel

På Kyrkjemøtet i Trondheim i april vedtok Den norske kyrkjas øvste representative organ at likekjønna par skal få gifte seg i kyrkja. Vedtaket seier at det skal bli utarbeidd «liturgier som inkluderer likekjønnede par og som kan brukes overfor alle par».

Liturgien er allereie under utarbeiding, og blir lagt fram for Kyrkjemøtet i januar 2017, og venteleg vedtatt. Det betyr at dei første likekjønna para kan bli vigde neste år.

LES MER Menighet ville reservere seg mot likekjønned vigsel

Reservasjon

Men fordi ekteskapslova gjev prestar i Den norske kyrkja høve til å nekte å vie likekjønna par, hadde liturgivedtaket også eit reservasjonspunkt:

«Kirkemøtet fastslår at prester har frihet til å velge om de vil foreta vigsel av likekjønnede par eller forbønn for borgerlig inngått ekteskap mellom likekjønnede. Andre kirkelig ansatte bør også ha en tilsvarende mulighet til ikke å medvirke ved den kirkelige handlingen.»

LES MER: Sveriges folkekirke på vei mot én felles vigselslitturgi for homofile og heterofile

Ekteskap

Geir Møller i Kirkeansatte erkjenner at det står «bør» i kyrkjemøtevedtaket, men han meiner arbeidsgjevaren til organistane og kyrkjetenarane, dei kyrkjelege fellesråda, bør få på plass likelydande retningsliner for korleis reservasjonsretten skal organiserast.

– Akkurat som blant prestane, er det to syn på ekteskapet også blant organistar og kyrkjetenarar, seier Møller.

Kyrkjetenarane førebur og deltek under gudstenester og seremoniar i kyrkja medan organistar er musikalsk ansvarlege i kyrkjelyden – og dermed spelar dei under vigsler.

LES MER: Historien om Åpen kirkegruppe

Opprop

Før Kyrkjemøtet signerte vel 200 aktive og pensjonerte prestar i Den norske kyrkja eit opprop der dei sa at dei ikkje vil vie likekjønna par. Etter Kyrkjemøtet har fleire prestar kome til, så no er det nærmare 300 prestar som har signert.

Konsekvensar

I KA (kyrkjeleg arbeidsgjevarorganisasjon) er dei ikkje budde på å plukke opp kyrkjemøtevedtaket og lage retningsliner for reservasjon for organistar og kyrkjetenarar.

– Det er Kyrkjerådet som har ansvaret for å fortolke Kyrkjemøtets vedtak og informere dei kyrkelege fellesråda om innhaldet i desse og dei konsekvensar dei kan få for arbeidet i den lokale kyrkja, seier Marit Halvorsen Hougsnæs, direktør i arbeidsgjevaravdelinga i KA.

Tillit

Tilsette i Den norske kyrkja har to arbeidsgjevarar. Bispedømeråda er arbeidsgjevar for prestane, medan alle dei andre er tilsette i dei kyrkjelege fellesråda, som er medlemmer i KA.

– Vårt utgangspunkt er at dei kyrkjelege fellesråda vil ha ansvar for at det er kyrkjemusikar og anna kyrkjeleg personell til stades ved alle vigslar som blir gjennomførte i samsvar med dei ordningar Den norske kyrkja har gjort vedtak om. KA har samstundes tillit til at dei kyrkjelege fellesråda utviser klokskap og så langt som råd tek omsyn til tilsette som ber seg fri frå medverknad i seremoniar som strider mot deira samvit, utdjupar Halvorsen Hougsnæs.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter