Nyheter

'Nazistane er smartare enn før'

Svenske jødar kjenner seg truga av nynazistiske grupper, men organisasjon mot antisemittisme vil ikkje forby nynazistar å organisere seg.

Søndag vedtok den jødiske foreininga i Umeå, i Sverige, å avvikle foreininga etter trugslar og hærverk frå nynazistar over lenger tid. Nynazistiske grupper har fått mykje merksemd dei siste åra, både i Sverige og Norge.

– Nazistane er ikkje fleire no, men dei er betre organiserte og smartare enn før, og når ut til fleire enn før. Nokre få hundre nazistar har til tider klart å kapre svensk debatt, sjølv om dei er veldig få, seier Svante Weyler, leiar i Svenska kommitén mot antisemitism, som er ein organisasjon som arbeider mot antisemittisme og rasisme.

Dei som truga jødar i Umeå brukte klistermerke og flygeblad frå Den nordiske motstandsbevegelsen, som er ei høgreekstrem gruppe som er aktive både i Sverige, Norge og i Finland. Organisasjonen har mobilisert mykje dei seinare åra og har marsjert i gatene fleire stadar.

Mellom anna vil dei at alle som ikkje er av, det dei sjølve omtaler som «nordeuropeisk eller nærstående rase» skal bli vist ut av landet, og at homofil praksis skal vere forbode. Organisasjonen er tydeleg antisemittisk og antiislamsk.

Har blitt vanleg

Jødiske samfunn i Sverige og Norge seier at det å bli truga ikkje er uvanleg, mellom anna vart ei synagige i Gøteborg angripe med ei brannbombe i desember 2017.

– Det er vanskeleg å seie om det er meir trugslar mot jødar no enn før, det har vi ikkje så klare statistikkar på. Men vi veit at trugslar skjer overalt der jødar viser seg, og derfor har dei blitt nøydde til å ha vern. Enten av politiet, eller i eigen regi, seier Weyler.

Statistikk over hatkriminalitet frå Brottförebyggande rådet i Sverige, tyder på at det ikkje har blitt fleire trugslar mot jødar i Sverige dei siste åra. I 2016 vart det registrert 180 politimeldingar med antisemittiske motiv, noko som er 34 prosent mindre enn i 2015. Tala for 2016 er på nivå med tala i 2013 og tidlegare.

Saknar handling

Weyler meiner situasjonen til jødar i Sverige ikkje er haldbar når jødar ikkje kan vise seg offentleg som truande. Men han er trygg på at politikarane er klare over at situasjonen er alvorleg.

– Med unntak av Sverigedemokratane, tar alle partia i Sverige dette på alvor. Dei er ikkje alltid så raske til å handle i desse sakene, og det er ingen tvil om at det trengs meir handling. Men politikarane er meir interesserte no enn før, seier han.

Samtidig er han ikkje sikker at politiet overalt i Sverige forstår denne situasjonen, og det er dei som møter dei høgreekstreme gruppene mest direkte. I storbyane Stockholm og Malmø har politiet spesialgrupper som er trena til å handtere slike grupper, men slik kompetanse finst ikkje i mindre byar, som i Umeå.

Ikkje forbod

Torsdag sa forstandar i Det mosaiske trossamfunn i Norge, Ervin Kohn, til Vårt Land at Sverige og Norge er forplikta gjennom internasjonale konvensjonar, å forby grupper som Den nordiske motstandsbevegelsen. Dette meiner ikkje Svante er det rette verkemiddelet.

– Vi treng ikkje nye lover, og vi bør ikkje forby visse grupper. Men vi treng ein strengare praktisering av dei lovene vi har. For i dag får nynazistar marsjere i byar, sjølv om dei ikkje har fått løyve til å demonstrere. Då er det ordensforstyrring, og det bør politiet slå ned på, seier Weyler.

Han legg til at på 80-talet fekk liknande grupper demonstrere, men ikkje sentralt i byar der dei møter på fleire menneske. I dag marsjerer desse gruppene i byar, utan løyve, men blir ikkje vist bort, ifølge Weyler.

Vårt Land har spurt det svenske justisdepartementet om korleis regjeringa arbeider mot antisemittisme, men dei hadde ikkje anledning til å svare på dette.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter