Nyheter

Muslimsk konge betalar restaurering av kristendommens viktigaste kyrkje

Kristendommens heilagaste kyrkje blir ferdig restaurert. Kong Abdullah av Jordan tek rekninga.

Gravkyrkja i Jerusalem er reist på staden der ein meiner Jesu grav låg. Kyrkja blei reist på 300-talet av den romerske keisaren Konstantin den store.

Kyrkja blei herja av persarane i 614, men blei ikkje knust. Sjølv om jordskjelv herja kyrkja i århundra som følgde, stod ho fram til 1009. Då blei ho riven av den egyptiske kalifen. Men bygd opp att av den bysantinske keisaren i 1040. Seinare bygde også korsfararane på litt på 1100-talet.

Tre eigarar

Eigarskapen til dagens kyrkje, som er frå 1810, er delt mellom tre kyrkjesamfunn, den gresk-ortodokse, den armenske og den katolske kyrkja. Dei tre eig kvar sin seksjon og vaktar kvart sitt kapell - og til tider har rivaliseringa mellom dei tre kyrkjesamfunne vore hard.

Eigarskapen til dagens kyrkje, som er frå 1810, er delt mellom tre kyrkjesamfunn, den gresk-ortodokse, den armenske og den katolske kyrkja. Dei tre eig kvar sin seksjon og vaktar kvart sitt kapell - og til tider har rivaliseringa mellom dei tre kyrkjesamfunne vore hard.

LES MEIR: Harde fronter i Gravkirken

Starta oppussing

Rivaliseringa førte lenge til gravminnet ikkje blei restaurert. Men i 2016 blei dei tre samde om å starte ei naudsynt oppussing av Gravkyrkja – etter at Israel stengde henne grunna manglande tryggleik. Den førre oppussinga var heilt tilbake i 1810, etter ein brann.

Gravkyrkja er den viktigaste heilagdomen i kristendommen. Rundt fire millionar personar vitjar kyrkja årleg.

Kongen støttar

No melder den arabiskspråklege avisa Al-Monitor at Jordans kong Abdullah vil yte økonomisk hjelp slik at oppussinga kan bli fullført. Simon Azazian, programdirektør i Det palestinske bibelselskapet, seier til Al-Monitor at kongens vilje til å bla opp kan føre det viktige oppussingsprosjektet i hamn.

Kong Abdullah har også tidlegare ytt støtte til restaureringsprosjekt som er viktige for kristne. Som staden der Johannes døypte Jesus, på austsida av Jordanelva.

LES MEIR: Bønnested i 2.000 år

Stengt i tre dagar

Gravkyrkja ligg i Aust-Jerusalem, som fram til 1967 var ein del av Jordan. Men sidan seksdagarskrigen har Israel styrt Aust-Jerusalem og Vestbreidda.

I februar i fjor var Gravkyrkja på nytt stengt. I tre dagar protesterte kyrkjeleiarane mot planen om å skattleggje kyrkjelege eigedommar i Jerusalem. Kyrkja blei på nytt opna då statsminister Benjamin Netanyahus kontor kunngjorde at skattekravet blei lagt på is.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter