Nyheter

Muslimane kjem - på nytt

Ein religiøs smeltedigel, ein by med minaretar og kyrkjetårn. I dag dominerer éi folkegruppe, i Sarajevos gater går kvinner med nikab.

Bilde 1 av 4

– Kom tilbake om ti år, og du finn ikkje serbarar att i byen. Muslimane har pressa ut alle.

Vi står i kyrkja som ber namnet Dei heilage erkeenglane Michael and Gabriel. Utanfrå ein unnseleg bygning i brun murstein. Innafor dørene ei gullpryda serbisk-ortodoks kyrkje som skal ha blitt reist i 1529. Dufta av røykjelse kviler under lysekronene.

Hit, i sentruma av Sarajevo, kjem nokre serbarar for å feire messe. Hit kjem dei for å møte likesinna. I ein by der ei av Bosnia-Hercegovinas tre folkegrupper dominerer.

– Muslimane styrer byen.

Serbaren vil ikkje dele namnet, ei heller bli fotografert.

LES MEIR: Europas opne sår

Shariamoské

I Sarajevo møter aust vest, og islam kristendom. Byen og omlandet, Bosnia-Hercegovina, var eit ottomansk fort på europeisk jord. I nesten 450 år styrde tyrkarane. Først i 1878 kom dei katolske habsburgarane, og gjorde byen og landet til ein del av dobbeltmonarkiet Austerrike-Ungarn. I 1945 skifta dei styrande på nytt karakter. Den sosialistiske føderasjonen Jugoslavia blei ein røyndom.

Frå den tyrkiske basaren Baščaršija i aust, med sine vasspiper og alkoholfrie kafear, slentrar du gjennom den habsburgske midtbyen, med ornamenterte praktbygg, til dei kommunistgrå betongklossane i vest; arven frå dei sosialistiske etterkrigstiåra. Langsmed gatene ligg moskear, minaretar, katolske katedralar, ortodokse kyrkjer og éin synagoge. Her lyder kyrkjeklokker saman med bønerop. Og heilt i vest, i nybyggjarlandet, ein ny moské, ruvande reist med oljepengar frå Saudi-Arabia.

Kong Fahd moské heidrar den konservative islamske statens førre konge, Fahd Bin Abd al-Asis Al Saud, og rommar heile 4.000 personar. Her blir shariateologi forkynt.

Krigsskade

Fram til demonteringa av Jugoslavia starta i 1991, med våpen i hand, levde muslimar, ortodokse og katolikkar side om side i Sarajevo, lenge i diktator Josep Titos strame famn.

I 1992 gjekk Bosnia-Hercegovina opp i flammar. Gamle vener stod mot kvarandre. Serbarar (ortodokse), kroatar (katolikkar) og bosnjakar (slaviske muslimar) drap kvarandre. Elden loga heilt til desember 1995.

– Ingen annan by har i moderne tid vore kringsett så lenge som Sarajevo. I 1.425 dagar skaut dei serbiske styrkane som omringa Sarajevo på mål i byen. Rundt 11.000 døydde og godt over 50.000 blei skadde.

Enes Popara kan alle detaljane. Han er frå Sarajevo, er utdanna i turisme på byens universitet, og lever av å vise fram Bosnia-Hercegovinas hovudstad. Reiselivsgründeren i BH Spirit City Tours fortel korleis dei overlevde krigsåra 1992–1995.

Som langt på veg øydela den multireligiøse byen Sarajevo.

Talde folket

Folketeljinga i 1991 fortalde at 49 prosent av innbyggjarane var muslimar - eller bosnjakar, 30 prosent serbarar og 6,6 prosent var kroatar. Då krigen ebba ut i 1995, husa Sarajevo drygt 90.000 serbarar. Ved neste teljing, i 2013, var det berre att kring 10.000.

Bosnia-Hercegovina er limt saman av to område, delt etter etnisitet. I Republika Srpska bur serbarane medan muslimane og kroatane held til i Føderasjonen Bosnia-Hercegovina.

Storparten av Sarajevo ligg i Føderasjonen Bosnia-Hercegovina, men dei søraustlege delane av byen ligg i Republika Srpska.

– Eg bur der, for der er det trygt, fortel kyrkjegjengaren i Dei heilage erkeenglane Michael and Gabriel.

Arabiske gjester

Folketeljinga i 2013 avdekte at bosnjakane var i knapt fleirtal i den skjøre nasjonalstaten, 50,1 prosent.

Folkelivet i Sarajevo fem år seinare viser at nye grupper med muslimar finn vegen til Bosnia-Hercegovina. Enes Popara fortel at landet er blitt svært populært blant turistar frå arabiske land. Veksten i turisttrafikken frå Golfen blir målt i tusental.

– Her får arabarane alt, svale somrar og milde vintrar, med islamske rammer. Fleire trivst så godt her at dei kjøper seg feriehus og investerer i næringslivet, seier Popara og meiner mange er svært synlege.

LES MEIR: Fant barnelik spikret på veggene

Ingen alkohol

Ein ser dei i Sarajevo. Kvinnene i svart. Særleg dei som går med nikab. Fleire av dei finn vegen til BBI Center, Sarajevos glitrande nye kjøpesenter.

BBI står for Bosna Bank International. Banken var først ute med å tilby islamske finanstenester tufta på sharia i Søraust-Europa. BBI er eigd av Den islamske utviklingsbanken i Saudi-Arabia og Dubai Islamic Bank og Abu Dhabi Islamic Bank.

Mange kundar på BBI Center ber handleposane til Novotel Sarajevo Bristol, byens nye storhotell. Som ikkje serverer ein dråpe alkohol.

Identitet

I Sarajevos gater møter dei arabiske gjestene byens fastbuande muslimar. Nokre går med hijab, mange med korte skjørt og stramme toppar. Fleire går i moskeen, mange går forbi.

Ei kartlegging gjort av Pew Research Center fortel at Bosnias muslimar står saman. Få muslimar seier dei ha nære vener som ikkje er muslimar. Vel ni av ti fortel at deira næraste vener er menn og kvinner dei deler trua med. Få bosniske muslimar seier dei vil vere komfortable med å få ein svigerson eller svigerdotter som er kristen.

Sundag går ortodokse, katolikkar og muslimar til vallokala. Dei skal velje presidentar og parlament til ein skjør stat.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter