Nyheter

Muslim hindra innbrot i kyrkje skjærtorsdag

Ein mann som urinerte langs kyrkjeveggen gjorde at Yassar Nazir blei merksam på kyrkja. Like etter kom eit par med skumle føremål.

Det heile skjedde skjærtorsdag ettermiddag i Sofienbergparken i Oslo. Yassar Nazir (43) var ute i sola, men ein park full av folk gjorde at han sette seg litt på sida av parken.

– Då såg eg ein ung kar som hadde gått inn på kyrkjeområdet, for Sofienberg kyrkje låg like ved. Eg såg at han stod og tissa langs kyrkjeveggen, seier Nazir.

43-åringen er opphavleg frå Bergen, men bur i Oslo. Oppførselen til den unge mannen opprørte han.

– Spesielt sidan eg er religiøs sjølv, det var respektlaust, seier den truande og praktiserande muslimen.

LES OGSÅ: Innbrudd i Bodø domkirke – også utført hærverk

Hammar i handa

Yassar trur nok den unge mannen hadde drukke både éi og to øl i Sofienbergparken, for mannen sleit med å komme seg ut etter urineringa.

– Eg humra litt for meg sjølv og tenkte det var karma. Like etter at han hadde komme seg ut såg eg derimot to andre skikkelsar. Det var ein godt vaksen mann og ei yngre jente som gjekk mot kyrkjeporten. Eg blei merksam på dei fordi jenta heldt ein hammar inntil kroppen, kanskje for å skjule den, men den glinsa i sola slik at eg fekk auge på den.

Yassar trudde først at det kunne vere ein vaktmeister, men blei likevel så mistenksam at han heldt eit auge med mannen og kvinna.

– Dei gjekk til nokre dører som eg såg først, før dei forsvann på baksida av kyrkja. Då valde eg å følgje etter, seier 43-åringen.

Påskekrim

Yassar gjekk på utsida av gjerda til kyrkja og følgde med frå avstand. På baksida av Sofienberg kyrkje såg han mannen og kvinna dunke laus med hammaren på delar av éi dør.

– Det var ikkje ein heilt normal ting å gjere. Då ringte eg politiet og sa at eg såg to personar som var i ferd med å utføre ein påskekrim, seier Nazir lurt.

Få minutt etter var den første politipatruljen på plass ved Sofienberg kyrkje på Grünerløkka i Oslo.

– Eg vinka politiet i rett retning. Ein ny politibil kom like etter og dei handterte resten av seansen.

LES OGSÅ: Kun 1 av 2 kirker har tyverialarm

Politiet: – God samfunnsborgar

Saka blei først omtalt av avisa VårtOslo. Dei prata med operasjonsleiar Gjermund Stokkli ved Oslo politidistrikt, som seier at ein mann og ei kvinne hadde rukke å gjere skade på ein hengelås då politiet kom.

At politiet var tidleg på staden hindra truleg langt verre ting.

– Men eg må rose Yassar Nazir for å vere ein god samfunnsborgar. Då politiet kom fekk vi prata med både presten i kyrkjelyden og paret. Ettersom det berre var snakk om nokre hakk i ein hengelås, enda det med at paret blei vist bort, og at hammaren blei beslaglagt, seier Stokkli til VårtOslo.

Glad for ros

Nazir seier at han er glad for å få ros av politiet. Til VårtOslo seier 43-åringen at han oppfordrar alle til å følgje ekstra nøye med rundt kyrkjer, moskear og andre religiøse bygg.

– Min tanke då eg ringte var at det var skjærtorsdag, og at dei som er kristne har gudsteneste langfredag. Kanskje det er vanleg å setje fram sølvtøy, verdifulle lysestakar og liknande, seier Nazir til Vårt Land.

Han er tydeleg på at det er noko ekstra ille med å prøve å bryte seg inn i gudshus.

– Eg reagerte først på han som stod og tissa langs kyrkjeveggen. Muslim eller kristen, det er respektlaust å tisse oppover veggen på gudshus. Så kjem desse to typane like etter. Ei eller anna meining var det kanskje med han som tissa på kyrkjeveggen. Det hindra kanskje eit innbrot.

Les mer om mer disse temaene:

Hans-Olav Rise

Hans-Olav Rise

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter