Kultur

Mottakssjef peker på omvendt læring

Nordmenn kan også lære mykje om folkeskikk om vi vågar å vitje folk som sit på asylmottak og ventar, seier toppsjefen i asylmottakskonsernet Hero.

– Gjestfridomen som blir utvist når nordmenn kjem på besøk er langt større enn den som blir vist fram i mange norske heimar, vågar eg å påstå. Så vi har heller noko å lære, om vi til dømes snakkar om takksemd og det å vere høfleg.

Tor Brekke leiar Norges største private asylmottaksselskap, Hero. Han har lang røynsle med å møte menneske som vonar å sleppe gjennom eit av statens trongaste nålauge; få asyl eller opphald i Norge.

– Mitt klare inntrykk er at asylsøkjarar er ei gruppe som absolutt evnar å utvise folkeskikk. Samstundes er vi ikkje naive, det er alltid nokre få som representerer eit problem.

LES MEIR: Listhaug ber asylsøkjarar gå på folkeskikk-kurs

Kurs vekkjer internasjonal interesse

Hero-sjef Brekke er glad for kurset som no blir gjort tilgjengeleg på mottaka, Norsk kultur og norske verdier.

Kunnskap er alltid eit gode. Og for dei som sit på mottak og ventar, har kurset ein viktig tilleggseffekt, dei blir aktiviserte.

Hero har i fleire år kjørt eit heilt spesielt kurs på asylmottaka dei driv – eit kurs som skal førebyggje seksuelle overgrep mot kvinner.

– Kurset var banebrytande då det kom og er framleis banebrytande. Vi blir stadig kontakta av utanlandske medier som vil fortelje om kurset, fortel Brekke.

Kurset blei etablert etter ei rekkje valdtekter i Stavanger i 2008 og 2009, og på samlingane brukar ein mykje tid på å snakke om kulturelle kodar.

LES OGSÅ: – Anklager om «politisk korrekthet» svekker debatter

Mottak tilbyr lokalt kurs

Ralf Edstrøm leiar Drevsjø statlige mottak i Engerdal kommune, som har vore i drift sidan 1990. Han trur som Brekke i Hero at Sylvi Listhaugs kurs i Norsk kultur og norske verdier kan ha noko for seg.

– Vi får betre kvalitetssikring, og det same kurset over alt.

– De har i fleire år kjørt informasjonskurs sjølve, om blant anne norsk kultur, kor lett eller kor vanskeleg er det for asylsøkjarar å tilpasse seg norsk kultur og norske verdiar?

– Det er lettast å ville det. Å klare det er langt vanskelegare, oppsummerer Edstrøm.

LES MEIR: Lishaug samler inn til Åpne dører

Lærer bort likestilling

Med hjelp frå frivillige lag i kommunen tilbyr Drevsjø-mottaket i Hedmark kurs i likestilling og barneoppdraging.

– Dei aller fleste asylsøkjarane deltek på slik opplæring.

– Kva er vanskelegast å lære bort?

– Norske barneoppdragingsprinsipp er vanskelege å forstå for mange, til dømes at det ikkje er lov å slå eit barn.

Edstrøm fortel at dei brukar mykje tid på å forklare dette og kva som kan bli konsekvensane om foreldre ikkje etterlever råda.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur