Nyheter

Mottaksdrivar: Ureturnerbare går til grunne

Nesten 1.400 personar sit på asylmottak med endeleg avslag og pliktar å reise frå Norge. Men dei er ureturnerbare. Særmerkt firma gjev nokre jobb.

– Fleire har budd på mottak i mange år, men er fanga i systemet. Ikkje får dei opphald, ikkje kan dei reise frå Norge. På mottaka gjer dei ingenting. Dei går stille til grunne, fortel Arve Danielsen.

Han er styreleiar i Stiftelsen Sana, som sidan 2001 har drive asylmottak på kontrakt med Utlendingsdirektoratet (UDI). I dag er Sana driftsoperatør for mottak i Lillesand, Lund og Larvik med totalt 445 plassar.

– Vi veit ikkje kor mange ureturnerbare som sit på kvart mottak, for det er berre UDI som kjenner asylsaka til kvar einskild, opplyser driftssjef Kristoffer Stensheim i Sana.

– Men vi møter personar som kunne blitt ressursar i det norske samfunnet, men som blir omgjort til passive mottakarar av offentlege tenester. Vi prøver å motivere mange til å vende heim, men dei kan ikkje. Resultatet er at dei ureturnerbare blir sitjande på mottak og sjå på at liva deira svinn vekk.

Stensheim seier ureturnerbare fortel at «berre dei blir sitjande lenge nok på mottak, og blir sjuke nok, vil dei til slutt få opphald».

LES OGSÅ: Ber om verdige løysingar

Skal reise

Tal Vårt Land har henta ut frå UDI viser at ved utgongen av mars sat det 1.347 personar «med utreiseplikt» på asylmottak. UDI understrekar at sjølve brukar dei ikkje termen «ureturnerbare» om gruppa. Men direktoratet protesterer heller ikkje mot Vårt Lands bruk av omgrepet.

Dei som blir plasserte i gruppa «med utreiseplikt», etter at utlendingsforvaltninga har fatta endelege avslag, skal returnere til heimlandet, anten frivillig eller med tvang. Men fordi fleire land nektar å ta i mot borgarar som har flykta, blir personar sitjande i norske mottak i årevis. Andre er ureturnerbare fordi dei manglar godkjente identifikasjonspapir, og dermed blir dei nekta innreise i heimlandet.

Høgare tal

– Det reelle talet på ureturnerbare er langt høgare enn 1.347, meiner Arne Viste, dagleg leiar i bemanningsfirmaet Plog.

– Du kan minst doble talet, og ei tredobling er heller ikkje urimeleg?

– Kvifor det?

– Svært mange asylsøkjarar som har fått endeleg avslag, og som difor pliktar å reise frå Norge, har flytta ut av mottaka og bur hjå slekt, vener og andre. Desse fører ikkje UDI tilsyn med, opplyser Viste.

I gråsone

Han kjenner godt til gruppa, for i tre år har han drive eit bemanningsbyrå som berre tilset ureturnerbare - alle manglar opphaldsløyve, arbeidsløyve og skattekort. Viste vil at dei skal få jobbe og betale skatt sjølv om Norge nektar dei opphald.

– For dei kan heller ikkje vende tilbake til heimlanda. Så, når dei er her må dei få gjere det som er best, nemleg arbeide.

– Kor mange utleigevikarar har du på lønningslista i dag?

– Eg har 30 som får lønn kvar månad.

– Kva bransjar jobbar dei som vikarar i?

– Servering gjev jobb til mange, altså kafé og kantine. Elles jobbar fleire med kontorreinhald eller i bilvaskeri, seier Viste, som også driv inn skatt frå dei tilsette på vegne av Skatteetaten, men han har streva hardt med å få levert frå seg pengane til skatteinnkrevjarane.

– Er verksemda til Plog lovleg?

– Domstolen har ikkje avgjort at det er ulovleg, så eg vil seie det er juridisk uavklart, seier Viste.

Lagt vekk

Han har ivra for at UDI skal melde han for brot på utlendingslova, men direktoratet nølar. Han har meldt seg sjølv til politiet, men saka blei lagt vekk:

«Etter en helhetsvurdering av bevisene finner en ikke ut over enhver rimelig tvil at Plog AS forsettlig eller uaktsomt har gjort bruk av arbeidskraften til utlendinger som ikke har nødvendig tillatelse å arbeide», konkluderte politiet.

Viste tolkar avgjerda slik at påtalemakta ikkje ønskjer å stoppe verksemda hans. Likevel ønskjer han ei rettsleg avklaring, ein rettskraftig dom.

I fjor haust blei Plog og Arne Viste meldt til politiet av nasjonalistiske og innvandringskritiske Norsk Folkeparti. På nytt har politiet lagt vekk saka.

– Men eg har nyleg snakka med han som melde meg, han skal klage til politiet for å få saka vurdert på nytt, fortel Viste.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter