Nyheter

Motpolar blir brevvener

Hanne Nabintu Herland langa ut mot feige biskopar. Tor B. Jørgensen slo tilbake. No skal dei brevveksle – i Vårt Land.

I dag startar debattanten og forfattaren Hanne Nabintu Herland og biskop Tor B. Jørgensen ei brevveksling på debattsidene i Vårt Land. Bak breva ligg ein to månader lang diskusjon mellom dei to på Vårt Lands diskusjonsforum verdidebatt.no.

– Det har vore ei god erfaring å diskutere med biskop Jørgensen. Diskusjonen har vore konstruktiv. Vi har snakka pent til kvarandre, samstundes som vi har vore tøffe i sak der vi er usamde. Vi har skilt sak og person og ikkje gått i skyttargraver slik mange gjer i den offentlege debatten, seier Hanne Nabintu Herland.

– Nettdebatten gjev oss plass, og eg synest vi har makta å halde ein konstruktiv og velviljug tone, seier Tor B. Jørgensen.

LES HANNE NABINTU HERLANDS BREV 1: Kultur i dramatisk endring

Harde ord

Dei harde orda til Nabintu Herland fall på Oslo Symposium 19. mars. Ho hevda at den europeiske kulturen er blitt anti-kristen og anti-truande, verdiforvirra og intolerant. I talen tok ho føre seg «feige biskopar» som var meir ute etter å sikre privilegia sine hos ei ateistisk statsmakt, enn å snakke om «Guds dommedag», «grunnleggende dogmer», «Lucifers tilstedeværelse» og «behovet for å gripe Guds frelse».

Jørgensen høyrde gjennom talen og skreiv eit lengre innlegg på verdidebatt.no. Han skreiv at hans forkynning er mindre prega av dommedag enn tidlegare kyrkjeforkynning, men kalla det på grensa til sladder at dette skuldast lydnad mot ateistiske arbeidsgjevarar i staten.

Det var full konfrontasjon. Men derifrå har dei to utveksla lange, utdjupande innlegg. Nabintu Herland kritiserte verdiskiftet på 70-talet. «Konsekvensene av 1970-tallets verdiendring har vært katastrofal», skreiv Herland i sitt første svar til Jørgensen. Ho hevda kristne hadde vore passive og at det var med på å skape antikristen og materialistisk samfunnsutvikling.

Jørgensen ville ikkje snakka så negativt om 70-talet. Han forsvarte dei ideane han «møtte med entusiasme». Biskopen skreiv om samfunnsansvar og solidaritet.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Utfordre

I innlegga har dei diskutert ytringsfridom, materialisme sambuarskap, homofilt samliv, kyrkje og politikk. No blir debatten på nettet til brevveksling i Vårt Land.

– Vi er svært samde om å styrke det kristne fundamentet og etikkens plass i kulturen, som motvekt mot egoisme og materialisme. Mest usamde er vi om strategien for kyrkja. Eg meiner kyrkja ikkje skal bli ein politisk klubb. Kyrkja skal vere oppteken av det åndelege og vere like open for folk på høgresida som folk på venstresida, seier Nabintu Herland.

– Over tid har eg vore nysgjerrig på Nabintu Herlands måte å skildre røyndommen på, både samfunnsutviklinga og rolla til kyrkja. Eg har lenge tenkt på å utfordre henne og andre likesinna, seier Jørgensen om kvifor han tok til motmæle etter talen hennar på Oslo Symposium.

– Eg ser ikkje ei klar anti-kristen offentligheit. Og ho tillegg oss som er leiarar i kyrkja, andre motiv enn eg kjenner meg att i. Utfordringa er om vi kan snakke til og med kvarandre innanfor ein felles røyndom av Kristus og nåde, seier Jørgensen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter