Moskeen blei for liten, fekk be fredagsbøn i kyrkje

Då moskeen blei for liten sa kyrkja i nabolaget «velkomen til oss».

Fredag kunne dei som søkte fredagsbøna i Dar Assalam-moskeen i Berlin be i Marthakyrkja i same by.
Publisert Sist oppdatert

Kyrkjer og moskear har opna i Tyskland, men i alle gudshus må det vere 1,5 meter mellom kvar frammøtt. Derfor blei Dar Assalam-moskeen i Berlin for liten då det stunda til siste fredagsbøn under ramadan, melder BBC. Berre ei mindre gruppe ville fått høve til å delta.

Betre plass

Ei kyrkje i nabolaget fekk høyre om tilhøva - og dermed opna Marthakyrkja i bydelen Kreuzberg opp for fredagsbøn. Dermed fekk langt fleire høve til delta. Den muslimske fastemånaden ramadan blir avslutta med festen id på sundag.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP