Nyheter

Moské satsar på nynorsk

Vest-Telemark Muslimske Trudomssamfunn er Norges første nynorskmoské.

Muslimar som går i moskeen i Åmot i Vest-Telemark kan no lesa om hovudbodskapen i islam på nynorsk. Det er dei glade for.

– Borna lærer nynorsk på skulen og difor er det bra at dei også kan lesa det her i moskeen, seier talsperson ved moskeen Ali Ahmed Dhadhaow til Vest-Telemark Blad.

Vest-Telemark Muslimske Trudomssamfunn blei skipa i 1996, og ligg i kommunesenteret i Vinje kommune, Åmot. Fylkesmannen i Telemark melder at moskeen har 85 medlemmer.

Språk

Ali Ahmed Dhadhaow fortel lokalavisa at dei som kjem til moskeen kjem frå ulike land, men at vinjemål er fellesspråket for alle. Han er også svært glad i nynorsk og synest ikkje det er vanskeleg, men meiner den største kulturkollisjonen var å koma til ein nynorskkommune og få lærebøker på bokmål. Ali Ahmed Dhadhaow kjem frå Somalia.

Første

Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, seier til Nynorsk Pressekontor at moskeens val av nynorsk som «er eit symbol på at nynorsk kan brukast på alle område i samfunnet». Målleiaren trur moskeen i Åmot må vere den første nynorsk-moskeen i Norge.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter