Nyheter

Mora er kyrkjetopp – han blir humanist-topp

To av tre i Humanistisk Ungdom sitt nye styre har vakse opp i kristne miljø.

– Eg er glad for å ha fått tillit og for å ha blitt valt, seier nyvald nestleiar i Humanistisk Ungdom (HU), Haakon Gunleiksrud.

Han har vore medlem i organisasjonen i litt over to år.

– Det var litt skummelt å få eit så høgt verv, men det er ei god erfaring, seier han.

Byrja å tvile

18-åringen er son av Kristin Gunleiksrud Raaum, som er nestleiar i Kyrkjerådet i Den norske kyrkja. Han var kristen fram til han var 13-14 år gamal.

– Korleis pregar bakgrunnen din deg?

– Eg har innsikt i kor viktig religion er for mange, og korleis den religiøse fellesskapskjensla er. Det er viktig når ein skal ha dialog med religiøse menneske, meiner han.

– Kvifor endra du syn?

– Eg byrja å tvile meir og meir etter kvart som eg vart eldre. Men eg opplever at eg og religiøse menneske har mykje av dei same verdiane. Menneskeverd og likestilling er framleis viktig for meg, men eg tek Gud ut av likninga.

Politisk engasjement

Ifølgje Gunleiksrud er mor hans veldig positiv til hans engasjement.

– Ho er tolerant og møter meg med respekt. Derfor kan eg også engasjere meg i kyrkjepolitiske sak, som til dømes likekjønna vigsel.

– Er det ei viktig sak for deg?

– Ja. Eg tenker ikkje så mykje på det teologiske, men eg ser på det som ein viktig menneskerett at homofile skal kunne gifte seg i Den norske kyrkja. Spesielt når kyrkja har den særstillinga den har.

LES MIN TRO MED KRISTIN GUNLEIKSRUD RAAUM: Slem pike

– Klaffa betre med kristne

Også HUs nye økonomileiar, Kristoffer Stokkeland (21), har erfaring frå religiøse miljø.

– Eg klaffa betre med kristne som synest tru var viktig, enn med andre som ikkje synest livssyn var viktig. Derfor var eg mykje i Sarons dal, seier han i ei pressemelding.

Sarons dal er hovudkvarteret for misjonsstiftinga Troens Bevis Verdens Evangelisering.

– Det tok ei stund før eg innsåg kor og korleis trua var viktig, men resultatet blei ein sterk respekt for at religiøse skal kunne gjere sin religion synleg i samfunnet.

Følg oss på Facebook og Twitter!

– Viktig å forstå

Den nye leiaren for HU er Arnlaug Høgås Skjæveland (21). Ho har vore aktiv i trus- og livssynsdialog sidan ho var 15 år, noko ho tek med seg vidare i leiarstillinga.

– Når vi uttalar oss så mykje om trus- og livssynspolitikk som organisasjon, er det viktig å ha ei forståing av andre religionar eller livssyn, ikkje minst menneska bak, seier Skjæveland.

– Derfor er eg svært glad for at landsmøtet la inn eit punkt om stillerom til bøn inn i vår skuleplattform.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter