Nyheter

Miljøprest går i protest

Tom Sverre Tomren blir KrF-politikar.

– Det er både naudsynt og riktig for meg å forlate MDG no, seier presten Tom Sverre Tomren til NRK Hordaland.

Soknepresten og høgskulelæreren sit på fylkestinget for Miljøpartiet Dei Grøne i Hordaland, og var listetopp ved stortingsvalet i 2017, men nådde ikkje opp.

Tomren har hatt og har leiarverv i kristne organisasjonar og innan miljørørsla. Han var blant anna initiativtakar, grunnleggjar og første leiar av «Kirkelig nettverk for miljø og rettferd». Tomren deltok under Kyoto-forhandlingane i 1997 og under Paris-forhandlingane i 2015, begge gonger som utsending frå Mellomkyrkjeleg råd i Den norske kyrkja.

Trist

No seier han takk for seg i MDG og melder seg inn i KrF, partiet han starta sin politiske karriere i. Til NRK seier han at utmeldinga er eit resultat av at han og MDG ikkje går same veg. Tomren vedgår at han har kome på kant med partiet i fleire verdispørsmål.

– Det er sørgmodig. Eg har investert ti år for å vere med å byggje opp partiet, men det er både naudsynt og riktig for meg å gjere dette no, seier Tomren, som har vore ein sentral politikar i oppbygginga av MDG i Hordaland. Han har mellom anna vore fylkesleiar i partiet.

Teknologi

Tomren kritiserer særleg det han kallar teknologioptimistar i partiet, det vil seie folk som trur at miljøproblema kan løysast gjennom å finne opp nye ting.

– Eg har større tru på at vi må endre livsstil, men eg ser at MDG har ein del meiningar som eg ikkje identifiserer meg med lenger. Partiet vart samla rundt miljøaspektet, men menneskesynet er forskjellig, fortel han.

Doktorgrad

Tomren var kommunestyremedlem i Meland kommune i Hordaland i perioden 2004-2007, då for KrF. I 2011 blei han på nytt lokalpolitikar - og medlem av fylkestinget i Hordaland, men no for MDG.

I 2014 disputerte Tomren med doktorgradsavhandlinga Miljøetikk og Økoteologi i Den norske kyrkja. Han er redaktør av bøkene Grønn postill og Økoteologi.

I dag er Tom Sverre Tomren sokneprest i Osterøy og førsteamanuensis ved Høyskolen i Østfold.

Utfordre

Om partiskiftet seier Tomren dette til NRK Hordaland:

– Eg vil prøve å realisere så mange av MDG sine miljøsaker som mogleg via KrF. Eg trur eg kan bidra med mykje, samstundes som eg vil utfordre Knut Arild Hareide på miljøtematikken.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter