Kirke

Metodistkirken går for å inkludere lesbiske og homofile

Fleirtalet på Årskonferansen til Metodistkirken røysta for å starte prosessen med å inkludere lesbiske og homofile i kyrkja. I tillegg vil dei inkludere dei som er usamde i det nye vegvalet.

– Eg er stolt av at vi har fått til ein verdig samtale og prosess kor alle opplevde å bli høyrt, seier Marie Ø. Movafagh, rektor på Metodistkirkens teologiske seminar.

Medan Pride-toget fylte gatene med dans og fargar i norske byar, løfta metodistane oransje lappar for å signalisere at dei støttar eit forslag som inneber at kyrkja vil jobbe mot å gje LHBTQ+-personar dei same rettane som alle andre i Metodistkirken Norge.

LARS PETTER SVEEN: «Eit nøkkelverk i den skeive litteraturen kan òg vere ein nøkkel i mitt liv som heterofil mann»

Jobba seg fram til konsensusvedtak

Opphavleg skulle årskonferansen ta stilling til to forslag:

• Det mest populære forslaget tok til orde for å inkludere LHBTQ+-grupper på alle nivå i kyrkja.

• Det andre forslaget gjekk ut på å halde på forbodslinja.

I staden for å stemme over desse, utarbeida dei eit nytt forslag gjennom ein konsensusprosess. Dette forslaget er no vedteke.

Forslaget inneber å opprette eit utval beståande av åtte personar. Dei skal svare på følgjande spørsmål:

«Hva skal til for at Metodistkirken i Norge skal kunne leve med et fullt ut inkluderende syn på menneskelig seksualitet».

Samstundes seier forslaget at «Det er et sterkt ønske om å holde kirken samlet og finne veier eller modeller for fortsatt å være én kirke.».

Her kan du lese det i si heilheit.

To syn

– Kvifor la de vekk dei opphavlege forslaga?

Vi har følgt ein konsensusprosess kor vi har leita etter felles grunn. Då kom vi fram til at vi ville utarbeide eitt inkluderande forslag, seier Christian Alsted, biskop i Metodistkirken i Nord-Europa.

Kva inneber det nye forslaget?

– Årskonferansen har sagt tydeleg at ein ønskjer å gå i ei retning som inkluderer to syn, samstundes med at ein ønskjer å ivareta alle.

Når kan vi få sjå den første likekjønna vigslinga i Metodistkirken Norge?

– Det kan først skje viss kyrkja bestemmer seg for det.

LES OGSÅ: Mot flertall for likekjønnet vigsel i Metodistkirken

God metode

Konsensusmetoden dei brukte, gjekk ut på å heile vegen lodde stemninga med handsopprekning, og la dei som var usamde få seie sitt.

– Det har vore ein framifrå måte å ha vanskelege samtalar på. Det var ei heilt anna stemning her enn det var på den ekstraordinære generalkonferanse til United Methodist Church, kor alle var misnøgde. Vi deler gjerne erfaringane våre. Desse konfliktane kjem nok til alle kyrkjer i tur og orden. Vi har lært mykje av prosessen i Den norske kyrkje og er takksamme for gode råd frå dei, seier Movafagh.

På generalkonferansen Movafagh siktar til, blei det vedteke at LBGTQ+-personar ikkje skal få gifte seg eller ha stillingar i kyrkja. Difor er det no spenning kring vidare medlemsskap i moderorganisasjonen.

– Sjølv om vedtaket set ein stoppar for at den norske metodistkyrkja kan ha to praksisar, kan det skje endringar internasjonalt, sa landsleiar Audun Westad (VL 22.05).

LES OGSÅ: Vigselsstrid skaper kirkesplid i den norske metodistkirken

Misnøgd prest

Sjølv om alle følte at dei fekk seie sitt, var ikkje alle like nøgde med avgjerda. Ein av dei er Andreas Kjernald, prest i Skien og Hvittingfoss Metodistkirke.

– Det var venta og trist, seier Kjernald om utfallet.

– Korleis har prosessen fram mot avgjerda vore for deg?

– Den var så god som den kunne vere. Målet mitt var å bli høyrt og påverke majoriteten i konservativ retning, så eg fekk eitt av to mål innfridd.

Kjernald flytta frå Sverige til Norge då den svenske metodistkyrkja melde seg ut av United Methodist Church (UMC). No fryktar han at det same skal skje med den norske kyrkja.

– Eg tykkjer det er trist at kyrkja er meir oppteken av ei enkeltsak enn einskap med UMC. Vi har klart å stå saman som kyrkje i vanskelege saker før.

– Flyttar du til eit anna land viss Metodistkirken Norge meller seg ut av UMC?

– Pass.

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke