Nyheter

Metallgåve til Bymisjonen

Heavy metallbandet Metallica gjev alltid ei gåve til ein ideell organisasjon der dei spelar. Kirkens Bymisjon fekk 250.000 kroner etter konserten i Oslo.

– Eg var ikkje budd på den telefonen, nei.

Marknadssjef Hans Jacob Torkildsen i Kirkens Bymisjon humrar. Før heavy metal-bandet Metallica gjekk på scenen i Oslo onsdag, ville bandet møte Torkildsen for å gje Bymisjonen ei gåve: 250.000 kroner.

Metallica er ein institusjon i rockeverda. Sidan bandet blei etablert i 1981, har det selt om lag 100 millionar album. Akkurat no er bandet ut på ein verdsturne som skal vare i tre år. Onsdag samla Metallica 25.000 i Oslo.

Gåver

Bandet har etablert ein eigen organisasjon som deler ut pengestøtte til ideelle organisasjonar. Og i Europa gjev Metallica ein euro frå kvar selte billett til eit godt formål.

– Vi fekk vite at konsertarrangøren i Norge hadde spelt inn nokre organisasjonar til Metallica, og at vi difor var ein av fleire, fortel Torkildsen.

– Men at vi skulle bli den utvalde, ja, det var svært overraskande - og fantastisk hyggjeleg.

Verdiar

– Kva betyr det?

– At Bymisjonen blei valt seier noko om at Metallica og vi deler nokre verdiar, og at dei ser verdien av vårt arbeid.

– Har Metallica ei føring på gåva?

– Nei, men vi kjem nok til å bruke pengane på kafeane og verestadane våre.

Fellesskap

Via konsertarrangøren seier vokalist og frontfigur i Metallica, James Hetfield, dette om kvifor dei valde Kirkens Bymisjon:

- Vår motivasjon er at vi gjennom musikken ser kor viktig det er at menneske møtes og opplever tilhøyring og fellesskap. Vi er imponert over bredda og omfanget av arbeidet dei gjer i Kirkens Bymisjon.

Fredag spelte Metallica i Stockholm. Her blei Bymisjonens svenske søsterorganisasjon den utvalde. Også Stadsmissionen fekk ein euro frå kvar selde billett.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter