Nyheter

Meiner regjeringa må møte Liu

Kunstnaren Liu Xia, som er enka etter Liu Xiaobo, kom tysdag til Tyskland etter åtte år i husarrest i Kina. – Regjeringa bør ta ho imot i Norge, meiner Abid Raja.

Etter åtte år i husarrest, kunne Liu Xia (57) tysdag reise ut av Kina, og tysdag kveld kom ho til Tyskland.

– Det er fantastisk gledeleg for henne og hennar næraste at ho no er lauslaten og har fått reise ut. Ho skulle aldri blitt heldt i husarrest, seier Olav Njølstad, sekretær for Den Norske Nobelkomite.

Nobelkomiteen sa i fjor at Liu hadde ein ståande invitasjon til å ta imot prisen på vegne av den avdøde ektemannen Liu Xiaobo. No seier dei at invitasjonen framleis står ved lag.

Vertskap

Visepresident på Stortinget, Abid Raja i regjeringspartiet Venstre, meiner regjeringa bør vere vertskap for Liu, dersom ho takkar ja til invitasjonen og kjem til Norge.

– Eg vil oppfordre både presidentskapet eg sjølv er ein del av, og eg vil òg oppfordre regjeringa som Venstre er del av, å møte henne, dersom ho skulle kome til Norge, seier Raja i ei tekstmelding tysdag.

Han meiner det er gledeleg at Liu har fått reise ut av Kina, og skryter av Tyskland si rolle i å få det til.

– Nobelkomiteen ga ein sterk fredspris, som både kosta prisvinnaren og hans familie, men som òg ramma Norge økonomisk og politisk. Likevel er det riktig at Norge held fram å stå opp for menneskerettar, òg i møte med Kina, seier Raja.

Dersom Liu skulle kome til Norge er det uklart om regjeringa offisielt vil ta imot henne. Utanriksdepartementet held førebels tilbake å kommentere dette.

LES MEIR: Bekvem taushet om Kina

Fin gest

Leiar i Unge Venstre, Sondre Hansmark meiner Venstre som regjeringsparti ikkje kan godta ein distansert regjering dersom Liu skulle kome til Norge.

– Når Venstre har kome inn i regjering er det viktig å ikkje vere like servile overfor andre styresmakter, og vi må vise at vi ikkje lenger kan sette handelsinteressene våre over menneskerettane, seier ungdomspartileiaren.

Han meiner det vil vere ein fin gest å ønske ho velkomen for å ta imot prisen.

– Kven som inviterer ho er ikkje så nøye, men regjeringa bør kunne klare å invitere. Vi bør handtere dette betre enn vi gjorde då Dalai Lama var på besøk, seier Hansmark.

Han refererer til at regjeringa og Stortinget sitt presidentskap nekta å møte Dalai Lama då han besøkte Oslo i 2014.

Lakmustest

John Peder Egenæs, generalsekretær i Amnesty International i Norge, har venta lenge på at Liu skulle få reise ut av Kina.

– Dette er ein gledens dag, og noko vi og andre har jobba for sidan før mannen hennar gjekk bort. Det viser at internasjonalt press frå Tyskland, andre land og organisasjonar, kan føre til noko godt. Til og med Kina kjenner presset når det blir kraftig nok, seier han.

Egenæs meiner regjeringa sitt reelle forhold til Kina vil bli tydeleg dersom Liu vel å besøke Norge.

– Det ville bli ein lakmustest for det regjeringa har sagt om at dei vil kunne oppføre seg normalt overfor Kina, og skal kunne kritisere menneskerettssituasjonen i landet. Det vil bli interessant å sjå om det stemmer, dersom ho skulle komme hit, seier Egenæs.

Han trur ikkje dette er eit uttrykk for at Kina mjukar opp handsaminga av politiske dissidentar.

– Vi ser fleire døme på at det motsette skjer, og at dei strammar inn mot politisk motstand. Det handlar nok mest om ein taktisk sjarmoffensiv med tanke på forhandlingar med Tyskland, seier Egenæs.

Liu vart sett fri dagen etter at Kina sin statsminister Li Keqiang møtte Tyskland sin kanslar Angela Merkel i Berlin.

Seremoni

Det er enno uklart korleis Liu sin helsetilstand er, og om det er mogleg for henne å opptre offentleg. Nobelkomiteen har ikkje bestemt seg for korleis ein eventuell prisoverrekking vil kunne vere, dersom ho skulle godta invitasjonen.

– Då må vi finne den rette måten å dele ut prisen på saman med henne. Ho er ikkje ein fredsprisvinnar, så det vil ikkje kunne vere ein vanleg seremoni. Men det vil vi eventuelt diskutere med ho om det blir aktuelt, seier Njølstad.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter