Nyheter

Meiner pappaperm-lov ikkje er ferdig utvikla

6.000 fedrar får ikkje permisjon fordi mor ikkje har vore i løna arbeid under svangerskapet. – Regelen støttar opp under gamle kjønnsroller, seier foreldreorganisasjon.

– Begge foreldre har rett til permisjon fordi det er til barna og foreldra sitt beste. Men det blir ein tom rett viss det ikkje er økonomi til å ta ut denne retten, seier John Michal Sørensen i Foreningen 2 foreldre.

1. juli vart nye reglar for foreldrepengar gjeldande, og Sørensen er misnøgd med at det framleis er inntekta til mor som avgjer kva permisjon far kan ha. Dersom mor har vore student eller ikkje har vore i løna arbeid under svangerskapet, vil ikkje far få løna permisjon.

For dei fleste i denne situasjonen betyr det at far ikkje kan ta ut permisjon, men heller må arbeide.

– Slik ordninga er no, støttar det opp om rollene der far skal skaffe pengar, og mor skal ta hand om barnet, seier han.

LES MEIR: Skuffa over KrF-standpunkt om fedrekvote

Økonomisk spørsmål

Barne- og likestillingsdepartementet anslår at 6.000 fedre kvart år ikkje har rett til å få løna fedrekvote. Det vil det koste 800 millionar å gi dei, ifølgje departementet.

Civita-filosof Lars Kolbeinstveit meiner det finst mange gode grunnar til sjølvstendig oppteningsrett for far, men at det er likevel eit økonomisk spørsmål.

– Det er mange velferdstenestar som kunne vore utvida. Opposisjonen seier alltid at det er dårleg å ikkje prioritere sjølvstendig oppteningsrett, men dei gjennomførte ikkje det sjølve. Det tyder på at det berre er eit økonomisk spørsmål, seier han.

Ta frå mor

Kolbeinstveit åtvarar mot å tru at permisjonsordninga berre kan byggast på dersom noko manglar.

– Når vi utvidar rammene for permisjonsordninga, sender vi heile tida rekninga vidare til skattebetalarane, og det kan ein ikkje gjere i et uendelege, seier han.

Han meiner difor at dei pengane som manglar kan hentast frå mor sin del av permisjonen.

– Det er underkommunisert at det i liten grad har gått ut over mor sin permisjon kvar gang far sin permisjon har blitt utvida, seier Kolbeinstveit.

Sørensen meiner på si side at dei naudsynte summane må på plass.

- Denne situasjonen har eksistert heilt sidan pappapermisjonen vart oppretta. Alle statsrådar har sagt at dei skal løyse dette, men ingen har klart å prioritere pengar til det. Lova er ikkje ferdig utvikla når det ikkje ligg pengar på bordet for ei likedeling, seier han.

Handlar om vilje

Stortingsrepresentant Hans Fredrik Grøvan (KrF) meiner regjeringspartia fronta lik oppteningsrett då dei var i opposisjon, men at dei no prioriterer det ned.

– Vi har rekna ut at det vil vere snakk om i underkant av ein milliard for å endre dette, og det bør kunne leggast på bordet.

– Kvar skal dei pengane kome frå?

– Det er eit budsjettspørsmål. Vi ser på det utifrå ein heilskap, og vi har funne dekning for det i vårt alternative budsjett. Spørsmålet er om vilja er tilstades, seier Grøvan.

Han meiner det er svært sannsynleg at KrF prioriterer denne saka i budsjettforhandlingane når den tid kjem.

Studentar taper

Høgre meiner det største problemet med foreldrepengeordninga er at studentar kjem dårleg ut med dei ordningane som finst i dag.

– Vi må legge betre tilrette for at studentar kan få barn i studietida. Det må vi prioritere, og eg forventar at departementet jobbar med det. Det blir viktigare enn at far skal ha lik opptening, seier høgrepolitikar Kristin Ørmen Johnsen, som er leiar i familie- og kulturkomiteen på Stortinget.

Ho kan ikkje garantere at Sørensen og Grøvan blir nøgde etter årets budsjetthaust.

– Eg reknar med at KrF er einig i at ein ikkje kan prioritere alt til alle. Eg håper dei går med på å prioritere studentane, og så får vi sjå om vi får meir til å gå opp, seier Ørmen Johnsen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter