– Eg får ofte pasientar som fortel om naboar og folk dei ikkje kjenner særleg godt som kjem bort til dei for å snakke om kreftbehandlinga, og plutseleg byrjar dei spørje om kva dei tenkjer om døden, seier Bo Snedker Boman.
Boman er psykolog og jobbar med kreftsjuke pasientar. Fleire av dei har fått nok av å snakke om døden.
– Problemet er at ikkje alle vil snakke om døden heile tida. Dei er framleis i live og vil heller snakke om sommarferien.
Døden er ikkje eit stort tabu lenger. Dei siste åra har fleire rapportert frå vegen mot døden i media. Sist ut er komikar Christine Koht som no får kreftbehandling. Dei som ønskjer kan følgje utviklinga hennar gjennom podkastserien «Koht vil leve». Boman meiner at det ikkje er berre positivt at døden er blitt avtabuert.
– Det som er tabu, er også heilag, difor er det nokre ting som bør vere tabu. Det er eit vern mot forsimpling.
LES MEIR: - Det er når folk sier at døden ikke er slutten, at man ser begynnelsen av religion
Terapikultur
Ein får ofte høyre at det er viktig å sette ord på kjenslene sine. Boman meiner det ikkje alltid er til det beste, men tykkjer det er problematisk å påstå noko anna i vår tid.
– Av og til kjem det par til meg, kor kvinna fortel at mannen har store problem med å setje ord på kjenslene sine. Men han har kanskje ikkje noko behov for å gjere det, og det er ikkje sikkert han får det noko betre av å gjere det. I denne situasjonen kan eg ikkje gje han rett, for ideen om at alle får det betre av å snakke om kjenslene, er så rådande.
– Er ikkje heile poenget med psykologifaget at det er sunt å sette ord på det ein føler?
– Psykologiens poeng er at det er hjelpsamt å sette ord på kjensler. Men det går gale når ein trur at det er godt for alle å gjere det. Det er akkurat som med medisinar, dei fungerer ulikt frå person til person. For nokre kan psykoterapi gjere vondt verre, det er det veldig få psykologar som vågar å snakke om.
Boman meiner vi har utvikla ein kultur som ikkje passar for alle.
– Vi har fått ein terapeutisk kultur kor det korrekte er å spørje og snakke om alt mogleg. Det er fort gjort å miste det andre mennesket viss ein er opptatt av å stille spørsmål berre for å vere god, og kanskje gjer ein berre vondt verre.
No meiner Boman at det terapeutiske samfunnet trugar fridomen til å leve korleis ein vil.
– Historisk har psykologiens oppgåve vore å gjere folk frie. Den skulle løyse folk frå nevrosar, depresjonar eller religiøse dogme. I staden har vi skapt nye dogme som fortel oss korleis vi skal oppføre oss.
– Finst det nokre tilfelle kor du meiner den døyande har plikt til å fortelje sine næraste om kva som skjer?
– Det er eit moralsk spørsmål. Eg har møtt mange sjuke åleinemødrer som skal døy av kreft. Då vil eg tenke at ho har ei moralsk plikt til å finne ut kva som skjer med borna når ho døyr, og det vil vere moralsk rett av meg som terapeut å hjelpe ho til å forstå dette.
LES MEIR: Nordmenn skriv til helseministeren og ber om aktiv dødshjelp
Meir dødssnakk
Are Normann er avdelingsoverlege ved Hospice Lovisenberg og har lang erfaring med samtalar om døden. Han meiner dei aller fleste får det betre av å snakke om dette.
– Eg meiner det er viktig å forsøke å snakke om døden. Viss du ikkje tør å snakke om det som er vanskeleg, er vår erfaring at du får det mykje verre. Dei som ikkje klarar ta innover seg at dei skal døy, får meir angst og uro og mister gjerne moglegheita til å ta ein god avskjed med sine nærmaste, seier Normann.
– Men kva om vedkomande ikkje ønskjer å snakke om døden?
– Dei som nektar å prate om døden, skal ikkje pressast til det. Men viss ein klarar å stikke hòl på ballongen, vil det gje betre livskvalitet for dei aller fleste. Dette kan dei få hjelp til ved å snakke med fagpersonar.
– Å snakke om døden har blitt mindre tabu. Kan det leie til at vi snakkar dårlegare og meir overflatisk om døden?
– Nei, det trur eg ikkje i det heile. Ved å la vere å snakke om døden, blir vi dårlegare på å takle han.
Dødeleg fornærma
– Har den dødssjuke ei plikt til å snakke med sine nærmaste om døden?
– Det tykkjer eg. Du pliktar ikkje å snakke med helsepersonell om det, men dine nærmaste bør du snakke med. Eg hadde blitt dødeleg fornærma om ikkje foreldra mine informerte meg om dei vart dødssjuke. Å verne andre ved å ikkje seie noko, gjer berre vondt verre.
Normann åtvarar mot å skåne born frå samtalar om døden.
– Det er viktig å snakke med borna dine om at dei kan miste foreldra sine ein dag. Når dødssjuke foreldre vel å ikkje snakke med borna om at dei skal døy, er det vanleg at borna får betydelege traume etter at forelderen har gått bort.