– Vi har ikkje lagt sjukeheimsprestane i Oslo ut på anbod, kontrar Mette Kolsrud (SV), byrådssekretær for eldrebyråd Inga Marte Thorkildsen (SV).
Ho understrekar at det som kjem er ei tilskotordning til kyrkje- og trussamfunn som vil levere livssynstenester til eldre som bur på sjukeheim.
LES MEIR: Løyver 4,7 millionar til livssynsarbeid
Forlengar
Kolsrud opplyser at ho hadde eit møte med Oslo bispedømmeråd måndag der dei samtalte om vegen vidare. I etterkant av møtet har byrådet avgjort at omlegginga av livssynstenesta i Oslo kommune likevel ikkje blir effektuert ved nyttår.
– Byrådet forlengar dagens ordning med eigne sjukeheimsprestar ut første halvår 2017. Vi skal bruke tida fram til omlegginga saman med kyrkje- og trussamfunn til å utforme den nye tilskotsordninga, forklarar Kolsrud.
Løyving
I 2017 løyver det raudgrøne byrådet 4,7 millionar kroner til «(...) samtaler om åndelige og eksistensielle spørsmål for beboere i langtidshjem.