Nyheter

Lovar å styrke minoritetane

Kommunalminister Monica Mæland (H) skal levere stortingsmelding om nasjonale minoritetar i 2020.

Norge har fem nasjonale ­minoritetar: jødar, kvener, skogfinnar, romani/taterar og rom.

– Formålet med den nye stortingsmeldinga er å skildre utviklinga dei siste 20 åra og leggje fram forslag til korleis regjeringa kan styrkje dei ­nasjonale minoritetanes språk, kultur og situasjon i det norske samfunnet framover, seier Monica Mæland.

Den førre stortingsmeldinga om nasjonale minoritetar – som var den første – blei lagt fram i desember 2000. Denne blei skriven etter at Norge ratifiserte Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar i 1999.

LES OGSÅ: Dei fyller ei gammal kyrkje i Oslo med fargesterk romkultur. Ein generasjonsdraum er oppfyllt.

Forum

Arbeidet med den nye stortingsmeldinga blei varsla i Jeløya-plattforma, som blei lagt fram etter at Venstre gjekk inn i regjeringa i vinter.

Mæland meiner det er lenge sidan førre melding, og at det difor er på tide med ein gjennomgang av politikk og tiltak. Arbeidet med meldinga vil bli diskutert på kontaktforum mellom nasjonale minoritetar og sentrale styresmakter den 5. og 6. november. Kontaktforumet er ein årleg møteplass.

LES OGSÅ: Utleigarar vil ikkje huse rom-kultur

Støtte

I år løyver Solberg-regjeringa vel sju millionar kroner i tilskotsordninga for nasjonale minoritetar. Denne skal støtte aktivitetar som sikrar aktiv samfunnsdeltaking, og motverke diskriminering.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter