Nyheter

Listhaug krev våpen innlevert

I skuggen av våpendebatten i USA krev justisministeren at 900 halvautomatiske rifler blir selt, innleverte eller deaktiverte. Ingen skal få kompensasjon.

Medan nordmenn ventar på at filmen Utøya 22. juli skal bli sett opp på landets kinoar 9. mars, arbeider Stortingets justiskomité med ein revisjon av våpenlova. Komiteen skal levere innstillinga på tysdag, og skal med det avgjere lagnaden til ein våpentype som spreidde død og forderving 22. juli 2011.

Den dagen blei Norge ramma av dei verste terroråtaka i historia. På Utøya blei 69 unge skotne og drepne, mange med ei halvautomatiske rifle av typen Ruger Mini-14.

LES MEIR Ber Listhaug vaske munnen sin

Ikkje kompensasjon

Politidirektoratet opplyser at ifølge våpenregisteret er det rundt 900 personar som eig ei rifle av denne typen. No vil Solberg- regjeringa og justisminister Sylvi Listhaug (Frp) ha dei fjerna frå privat eige:

«Det foreslås i proposisjonen overgangsregler på tre år fra lovens ikrafttredelse slik at våpeneiere kan avhende våpen som rammes av forbudet. Selv om slike våpen ikke lett kan avhendes i Norge, vil de likevel kunne avhendes til land som fremdeles tillater våpentypen. De våpen som ikke er avhendet innen fristen må innleveres eller deaktiveres. Det er ikke lagt opp til noen kompensasjonsordning», skriv Listhaug i eit brev til Stortinget.

Skapt uro

Lagnaden til våpentypen er sett på dagsorden av Senterpartiets justispolitiske talskvinne, Jenny Klinge. I eit skriftleg spørsmål til justisminister Listhaug spør Sp-toppen:

– Etter at regjeringa la fram sitt framlegg til ny våpenlov, uttalte både tidlegare justisminister Amundsen og statsminister Solberg seg som om forboda i forskrifta skal gå lenger enn proposisjonen når det gjeld halvautomatiske rifler til jaktbruk. Dette har skapt uro blant dei som lovleg eig slike rifler no. Har statsråden oversikt over kor mange som eig rifler av typen Ruger Mini 14 og meiner ho at det bør innførast eit forbod med tilbakeverkande kraft mot denne og liknande rifler utan kompensasjonsordning?

Lukast ut

Klinge skriv at det er mange våpeneigarar som lurar på om våpna blir inndregne, eller om dei vil kunne behalde dei utan høve til å selje dei vidare.

– Våpna har stor økonomisk verdi, så viss våpna skal inndragast og eventuelt destruerast blir det eit spørsmål om staten skal betale erstatning for inndregne/destruerte våpen, utfordrar Klinge.

Listhaugs svar er at våpentypen skal lukast ut frå nordmenns våpenskåp, utan kompensasjon.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter