Nyheter

Lærer å lindre ved livets slutt

Dei fleste pasientar døyr på ein vanleg sjukeheimsavdeling som ikkje har spesialisert lindrande omsorg. I Oslo har alle sjukeheimar no spissa kunnskapen om smertelindring.

– Å, dei steller så godt med oss. Det er som om vi er foreldra deira.

Else Haraldsen snakkar om personalet på Kingosgate bo- og rehabiliteringssenter i Oslo. 89-åringen har kroniske smerter.

– Eg har artrose i begge skuld­rene. Eg treng hjelp til så mykje, eg klarar ikkje stelle meg sjølv lenger.

Artrose er det medisinske namnet på slitasjegikt eller forkalkingsgikt i ledd. Det er ingen kur for artrose, men behandling kan redusere smerta.

– Her på sjukeheimen får eg god smertelindring, men det gjer vondt når dei masserer inn den smertestillande kremen, fortel Haraldsen.

LES MER: Høie vil heve kvaliteten

Livets sluttfase

Helseminister Bent Høie (H) er oppteken av å høgne kvaliteten på behandlinga nordmenn skal få når ein skal ta steget ut av livet. I 2014 gav han Helsedirektoratet i oppdrag å utarbeide «en fagrapport om tilbudet til personer med behov for lindrende behandling og omsorg ved ­livets slutt».

Året etter kom rapporten som fekk undertittelen «Å skape liv til dagene». Helsedirektør Bjørn Guldvåg sa det slik: «Hvordan vi ivaretar de alvorlig syke og døende, sier noe om samfunnets standard. Pasientens verdighet skal være godt ivaretatt i livets sluttfase.»

Store skilnader

Fagrapporten viste at «organiseringen av de palliative tjenestene og omsorgen mot livets slutt varierer fra kommune til kommune». Få kommunar har eigne lindrande avdelingar, ei heller såkalla lindrande senger – eller særskilt organisert palliativt tilbod i ­institusjon (les meir i eiga sak).

Med rapporten i hendene oppnemnde helseminister Høie i fjor eit offentleg utval som skal utgreie palliasjonsfeltet.

– Vi må vere sikre på at pasientar, og deira pårørande, som er i ein sårbar og vanskeleg ­situasjon blir tekne vare på, på ein heilskapleg måte, sa Høie då Kaasa-utvalet blei sett ned i mai.

Medisinprofessor Stein Kaasa skal leggje utvalsrapporten på Høies statsrådsbord innan 31. desember i år.

Eige opplegg

I Oslo kommune ventar dei ikkje på rapporten som kan fortelje kva landets kommunar bør gjere når det kjem til lindrande behandling. I år avsluttar Sjukeheimsetaten eit toårige opplæringsprosjekt.

I Palliasjonsprosjektet 2016-2017 har 200 sjukepleiarar, fagutviklingssjukepleiarar og legar fått grundig opplæring i aktiv behandling, pleie og omsorg for pasientar med sjukdommar som ikkje er mogeleg å kurere – og som har teke steget inn i livets siste leveår.

– Prosjektet har stor overføringsverdi til resten av landet, meiner kommunikasjonssjef Sofus Urke i Sjukeheimsetaten.

I Oslo har alle sjukeheimane, 48 i talet, fått ressursgrupper i palliasjon – med sjukepleiarar og legar. Merksemda på palliasjon femner no alle diagnosegrupper, demens, psykiatri, rus og nevrologiske lidingar.

Angst for døden

– Det gode med denne opplæringa, er at no kan sjukepleiarane som arbeider ute på avdelingane mykje meir om smertelindring i livets siste fase. Vi ventar ikkje lenger på at den rette sjukepleiaren skal kome på vakt, fortel avdelingssjukepleiar Johanne Marie Askvig på Kingosgate.

Sjukeheimen har ei eiga avdeling for yngre personar med sjeldne nevrologiske lidingar – slik som Parkinson, MS og ALS – og multitraumeskader.

– Dette er pasientar som manglar språk. Difor er det viktig å forstå kva nonverbale uttrykk betyr – meir smertestillande for å døyve fysiske smerter, eller for å møte angsten for å døy, fortel Askvig.

Gode skussmål

Institusjonssjef Lene Kristiansen vedgår at åra med opplæring har vore krevjande, for ho må bruke ­lokalt budsjett til å finne vikarar for medarbeidarane som har 
sete på skulebenken.

– Men det er verdt det. Institu­sjonen får så mykje tilbake. Noko vi også ser i møte med pårørande.­ Vi får svært gode skussmål i siste­ pårørandeundersøking, seier Kristiansen.

Kjenner alderen

Else Haraldsen reiser seg frå stolen, grip rullatoren og rullar mot matsalen. Det er tid for lunsj.

– Vi veit kor gamle vi er. Vi har kome i livets siste fase. Då er det så godt å vite at vi blir tekne godt hand om.

«Vi» inkluderer ektemannen gjennom snart 63 år.

– Kjem du Harry?

Else Haraldsen er svolten. Ekte­paret går til dekka bord.

LES OGSÅ: Sang og musikk som gjør frisk

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter