I 1921 blir ein frontsoldat frå første verdskrig øvstkommanderande i det ferske partiet Nationalsozialistische Deutsche Arbeiterpartei (NSDAP). Programmet er tufta på radikal antisemittisme og nasjonalisme og avvising av demokratiet.

Leiaren er ein austerrikar med refuserte kunstnarambisjonar, store politiske vyar og særeigen bart.

Namnet er Adolf Hitler.

Mellom dei mange som låner øyra til den høgrøysta politikaren, er Albert Reimann jr, eigar av eit familieselskap som produserer kjemiske produkt til matvareindustrien. Reimann den yngre likar det han høyrer og møter Hitler i 1923. Fire år seinare får også faren, Albert Reimann senior, eit avgjerande møte med den glødande demagogen.

Tvangsarbeidarar frå tyskokkuperte land

I 1931 melder far seg inn i nazipartiet, og året etter går også sonen inn. Samstundes omorganiserer dei familieselskapet Benckiser, alt blir styrt etter nasjonalsosialistisk ideologi. Iveren etter å slutte opp om Hitler, som vinn regjeringsmakt i 1933, gjer at Reimann jr. i 1937 skriv brev til Henrich Himmler, den mektige leiaren for SS, Hitlers paramilitære styrke, og forsikrar han om at Benckiser etterlever den nazistiske raseideologien til siste paragraf.

– Me er ei fullstendig arisk familieverksemd som er over 100 år gammal, skriv han.

Senior tykkjer så godt om den framveksande nazismen, at han gjev raus støtte til SS allereie frå 1931.

Når andre verdskrig bryt ut, er selskapet særs godt politisk posisjonert. Benckiser får difor bruke tvangsarbeidarar frå tyskokkuperte land. Til ei kvar tid arbeider opp mot 200 fangar i selskapets fabrikkar, som leverer til den tyske krigsmaskinen. Mange arbeider for Benckiser i årevis, andre i berre få dagar.

Også privat gjer Reimann bruk av tvangsarbeid. Ei kvinne held familievillaen i Ludwigshafen vest i Tyskland gullande rein.

Far og son kjem ut av verdskrigen som rike menn. I 1947 blir formuen talt opp: 686.000 riksmark, eller vel 25 millionar kroner etter dagens kurs. I krigsoppgjeret blir senior og junior sjekka ut av dei allierte. Begge seier seg uskuldige i samarbeid med naziregimet. USA avgjer at ein skal tru dei.

Albert Reimann sr. døyr i 1954, Albert Reimann jr. i 1984. Ingen av dei snakkar nokosinne om åra som ivrige byggmeistrar i Det tredje riket.

Hit til gettoen i byen Izbica søraust i Polen, kjem Alfred Landecker i 1942. Gettoen var ein transittleir for konsentrasjonsleirane Bełżec og Sobibór. Landecker blir drepen kort tid etter at han kjem til Polen.
Hit til gettoen i byen Izbica søraust i Polen, kom Alfred Landecker i 1942. Gettoen var ein transittleir for konsentrasjonsleirane Bełżec og Sobibór. Landecker blei drepen kort tid etter at han kom til Polen. Foto: Wikipedia Commons

Historikar grev fram familiefortida

Nazifortida og bruken av tvangsarbeidarar blir først avdekt i tyske Bild i mars i fjor. To dagar seinare går familien Reimanns talsmann ut i New York Times og fortel meir om familiefortida:

– Reimann sr. og Reimann jr. er skuldige. Dei høyrer heime i fengsel, sa Peter Harf, som også er toppsjef i familieselskapet som kontrollerer Reimann-familiens globale imperium, JAB Holding.

Harf fortel at dei yngre Reimann-generasjonane ikkje slår seg til tols med den glansa familiekrønika. Dei byrjar å grave, dei gjer sjokkerande funn. Gamle dokument viser at far og bestefar var trugne nazistar.

No skal alt på bordet.

Paul Erker, historieprofessor ved Ludwig-Maximilians-Universität München, blir i 2016 hyrt inn som møkkagravar. Hans sluttrapport er inne i finpussen, men hovudfunna blir lagt fram for familien i januar i fjor. Opplysningane riv to industriherrar ned av pidestallane:

– Me var mållause.

– Me var skamfulle og kvite som veggen, sa Peter Harf til New York Times.

Erkers arbeid gjennomlyser Reimanns politiske historie og familieselskapet Benckisers soge frå 1920 til 1945.

For 75 år sidan, 7. mai 1945, blir konsentrasjonsleiren Ebensee i Austerrike frigjort. Rundt 400.000 Holocaust-overlevande lever i dag. Fleire skal no få hjelp frå Alfred Landecker Foundation.
For 75 år sidan, 7. mai 1945, blir konsentrasjonsleiren Ebensee i Austerrike frigjort. Rundt 400.000 Holocaust-overlevande lever i dag. Fleire skal no få hjelp frå Alfred Landecker Foundation. Foto: NTB scanpix

«Nazi-pengar står bak favorittkaffien min»

Nazisoga går verda rundt. Ryet er i fare. JAB Holding, Reimanns globale konsern som eig kafékjeder som Espresso House, Krispy Kreme, Pret a Manger og Panera Bread og drikkevarekonsernet Keurig Dr Pepper og sel lisensierte produkt frå motehus som Gucci, Burberry, Marc Jacobs og Calvin Klein, blir knytt til Hitler og Holocaust.

Tilsette, JAB Holding har 180.000 verda rundt, fortel at kundar skuldar dei for å «arbeide for nazistar». Ordet boikott blir slengt over serveringsdiskar.

På sosiale medium aukar presset. Kundar utfordrar; skal dei skal halde fram med å handle kaffi, kaker, drikke og kroppspleieprodukt av selskap som er eigd av ein familie med gamle nazistar. Særleg hardt er presset i USA, ein særs viktig marknad for JAB Holding.

Storavisa Boston Globe trykkjer ein artikkel med tittelen: «Eg fann ut at nazi-pengar står bak favorittkaffien min. Bør eg halde fram med å drikke han?»

Tysklands rikaste familie driv særleg stort innan kafékjeder verda rundt. Mellom kjedene JAB Holding eig, er Espresso House - her frå Oslo.
Foto: Heiko Junge
Tysklands rikaste familie driv særleg stort innan kafékjeder verda rundt. Mellom kjedene JAB Holding eig, er Espresso House - her frå Oslo. Foto: Heiko Junge/NTB scanpix

Tysklands rikaste familie

For Reimanns står mykje på spel. Familien tilhøyrer Tysklands «geldadel»; pengeadel. I næringslivsmagasinet Manager Magazins årlege kåring av Tysklands rikaste familie, klatrar familien Reimann til topps. Samla formue passerer 33 milliardar euro - eller vel 330 milliardar kroner.

Dei vel å følgje fotspora til andre tyske familiar som blir innhenta av nazifortida. Dei vedgår, dei gjer bot.

Familiens stifting som gjev pengar til gode formål, får nytt namn og nytt oppdrag. Benckiser Stiftung Zukunft blir omdøypt til Alfred Landecker Stiftung – som også får eit engelsk namn, Alfred Landecker Foundation.

Alfred Landecker var ein tysk jøde.

Han blir arrestert i 1942, og deportert til gettoen Izbica søraust i Polen, ein transittleir for konsentrasjonsleirane Bełżec og Sobibór. Han blir drepen kort tid etter at han nådde fram til Polen. Han blir eit offer for Holocaust.

Alfred Landecker var også noko meir.

Han var far til kvinna som blir Albert Reimann juniors elskarinne.

I USA er Krispy Kreme ein nasjonal leverandør av doughnuts - og eigd av familien Reimann.
Foto: NEEMAH AARON
I USA er Krispy Kreme ein nasjonal leverandør av doughnuts - og eigd av familien Reimanns selskap JAB Holding. Foto: Neemah Aaron/AP/NTB scanpix

Adopterer barna elskarinna gjev han

19 år gammal går Emilie Landecker inn dørene til administrasjonen i det sjølvsertifiserte ariske selskapet Benckiser. Året er 1941 og ho har fått ein kontorjobb.

Ingen veit når kontoristen blir den gifte sjefens elskarinne, men i 1951 føder ho deira første barn, og to til kjem med korte mellomrom. Albert Reimann skil seg ikkje. Han lever med to kvinner. To dagar i veka vitjar han Emilie Landecker. Onsdag og sundag er deira dagar. Saman med kona har han ingen barn. Ho kjenner til den andre kvinna.

Emilie Landecker arbeider i Benckiser då Gestapo kjem og hentar faren Albert i 1942. Ho arbeider i selskapet heilt fram til 1965. Same år gjev ho etter for presset frå det tyske folkeregisteret. Ho opplyser at dei tre barna hennar har same far. Albert Reimann jr., industrileiaren som var stolt over å eige eit arisk selskap, vel å adoptere dei.

Mannen i hennar liv døyr i 1984. Sjølv går Emilie Landecker ut av tida i 2017. To av dei tre barna er i dag store eigarar i JAB Holding.

Heidrar drepen tysk jøde

Pengar er ikkje noko problem for Tysklands rikaste familie. Det handlar om å velje rett. Dei vel å bruke Alfred Landecker Foundation som eit politisk verktøy i den gode saks teneste.

Om omdøypinga av stiftinga, seier Reimanns at ved å bruke Alfred Landeckers namn «vil det ikkje berre bevare minnet om han, men også minnet om drapet på millionar av jødar og andre ofre for nasjonalsosialismen».

Stiftinga har to oppdrag. Først gje ti millionar euro, eller vel 100 millionar kroner, til eit treårig hjelpeprogram som er mynta på to nøye utvalde grupper:

• Menn og kvinner som var tvangsarbeidarar på Benckisers fabrikkar i åra 1940-1945 skal dele fem millionar euro – gravearbeid har identifiserer heile 838.

• Holocaust-overlevande skal også få nyte godt av fem millionar euro.

Når 2019 glir over i 2020 annonserer stiftinga at organisasjonen Conference on Jewish Material Claims Against Germany (Claims Conference) skal finne dei som har rett på ei økonomisk handsrekning.

– Eldre, fattige Holocaust-overlevande treng mat, medisin og oppvarming om vinteren. Fondet vil hjelpe tusental av overlevande til verdige liv, forklarar Julius Berman, president i Claims Conference. Organisasjonen fører forhandlingar om erstatningsutbetalingar og midlar for å støtte ofre for nasjonalsosialismen, og om tilbakeføring og erstatning for tap av jødisk eigedom.

Modellar på scenen i februar under ei visning for motehuset Marc Jacobs, som er eigd av JAB Holding.
Foto: Bebeto Matthews
Modellar på scenen i februar under ei visning for motehuset Marc Jacobs. JAB Holding sel lisensierte produkt frå dette og andre store motehus. Foto: Bebeto Matthews/AP/NTB scanpix

Brukar milliardar på å styrkje demokratiet

For det andre skal stiftinga utdanne dagens og framtidige generasjonar om Holocaust, og ein skal finansiere prosjekt som «skal understøtte eit fritt og demokratisk Europa». Stiftinga listar opp forskings-, utdannings- og medvitsprosjekt.

Her blar Reimann-familien opp dei store summane. Kvart år i ti år framover skal stiftinga få 25 millionar euro til dette arbeidet - eller totalt 2,5 milliardar kroner.

– Me vil ikkje akseptere at antisemittisme og egosentrisk, nasjonalistisk populisme på nytt skal få vekse fram i Tyskland og Europa, skriv familien i ei kunngjering.

Difor gjev Alfred Landecker Foundation midlar til eit professorat ved University of Oxford som forskar på korleis Holocaust kunne finne stad.

Korona rammar Holocaust-overlevande

I mars i år døyr 84 år gamle William Stern. I 1945 blei den ungarske jøden henta ut av konsentrasjonsleiren Bergen-Belsen. 75 år seinare rammar covid-19 han. Stern er første kjende Holocaust-overlevande som døyr av korona. Meldinga når Alfred Landecker Foundation i Berlin.

Det er tid for meir bot.

Via stiftinga gjev etterkommarane etter nazistane Albert sr. og Albert jr. ein million euro til Holocaust-offer som er ramma av koronapandemien. Mange lever på minimum. Fire organisasjonar skal finne dei som treng ekstra hjelp.

Verda over lever det kring 400.000 som overlevde det tyske, industrielle folkemordet.

Peter Harf er den mektige toppsjefen i Reimann-familiens globale konsern, JAB Holding. Saman med dottera Katharina Harf driv han også blodkreftorganisasjonen DKMS. Selskapet Coty, som sponsar DKMS, er eigd av JAB Holding og rommar kroppspleie- og motevaremerker som Marc Jacobs, Gucci, Hugo Boss og Bottega Veneta.
Foto: Scanpix

Peter Harf er den mektige toppsjefen i Reimann-familiens globale konsern, JAB Holding. Saman med dottera Katharina Harf driv han også blodkreftorganisasjonen DKMS. Selskapet Coty, som sponsar DKMS, er eigd av JAB Holding og sel lisensierte produkt frå motevarehus som Marc Jacobs, Gucci, Hugo Boss og Bottega Veneta. Foto: Scanpix

LES MEIR OM ANDRE VERDSKRIGEN OG KRIGSOPPGJERET

Alfred Wiener arkiverte Nazi-Tysklands barbari

«Å allmektige Gud. Hjelp oss. La oss overleve krigen!»

8. mai 1945 gikk fredsflaggene til topps over hele Norge

Etter 2. verdenskrig ble mye feid under teppet