Nyheter

Kyrkjer sluttar å drive barnehage

Kristne barnehagar stod i fare for å bli lagt ned. Vidare drift blir sikra av eit barnehageselskap som driv med kristen formålsparagraf.

– Me ønskte at barn i Askim framleis skulle ha ein kyrkjelydsbarnehage. Difor valde me å overlate drifta til selskapet Solkollen, som vil styrkje kvaliteten på tilbodet, fortel leiar i Askim menighetsråd, Gunnar Aandstad,

– Kva ville skjedd om Solkollen ikkje overtok?

– Han kunne blitt lagt ned, eller blitt overteken av ein annan aktør som ikkje ville ha drive med utvida formålsparagraf, seier Aandstad.

1. november blei Askim menighetsbarnehage til Solkollen Askim. Barnehageselskapet overtok drifta og leiger barnehagebygget av Askim menighet, som tilhøyrer Den norske kyrkja.

LES MEIR: Barnehagerevolusjonen

Betre kompetanse

– Kva får barna no som dei ikkje fekk før?

– Ein langt meir profesjonelt tilbod. Solkollen hevar kompetansen til både tilsette og styrar, dei kjem med pedagogiske opplegg, materiell inkludert, som me som kyrkjelyd ikkje ville ha klart å levere, seier Aandstad.

Etter overtakinga i Askim driv Læringsverkstedet Solkollen barnehager totalt 21 barnehagar i Norge, alle med utvida formålsparagraf. På eiga heimeside skriv selskapet at det betyr at dei «formidler innhold og verdier forankret i kristen tro. Den kristne verdiformidlingen skjer i barnehagens hverdagssituasjoner og i pedagogisk tilrettelagte aktiviteter».

Mange overtakingar

Dei siste åra har Læringsverkstedet Solkollen barnehager overteke drifta av ei rekkje utsette kristne, barnehagar:

Solkollen Askim, tidlegare eigd av Askim menighet (Den norske kyrkja).

Solkollen Kopervik, tidlegare eigd av Kopervik menighetsråd (Den norske kyrkja).

Solkollen Søndagsbakken, tidlegare eigd av Norkirken Vennesla (Normisjon).

Solkollen Heimly, tidlegare eigd av Norkirken i Tromsø (Normisjon).

Solkollen Bøle, tidlegare eigd av Bøle misjonsmenighet (Misjonsforbundet).

Solkollen Skatval, tidlegare eigd av Stjørdal Misjonskirke (Misjonsforbundet).

Solkollen Krea, tidlegare eigd av Flekkefjord frikirke. (Den Luthersk Evangelisk Frikirke).

Solkollen Sundbakken, tidlegare eigd av Saron Hokksund (pinseforsamling).

Mange små

Overtakingane viser fram strukturendringane på sektoren kristne barnehagar. Lenge var både Den norske kyrkja og Normisjon store på barnehagedrift. Men tal frå IKO – Kirkelig pedagogisk senter viser at talet på barnehagar eigd og drive av kyrkjelydar i Den norske kyrkja er kraftig redusert, det same er talet på barnehagar som er eigd av Normisjon.

Lasse Rosten, leiar i Læringsverkstedet Solkollen, forklarar utviklinga med storleik:

– Mange av dei som er blitt lagt ned har vore små og lite berekraftige i høve til dagens rammevilkår. Fleire barnehagar eigd av Den norske kyrkja er og blitt overdrege til kommunar, og har med det mista den kristne profilen.

Rosten seier at selskapet han leiar ofte blir kontakta av forsamlingar og kyrkjelydar som sjekkar om han kan overta drifta, for å sikre den kristne preget på barnehagen.

Gunnar Aandstad i Askim opplyser at det var kyrkjelyden som kontakta Læringsverkstedet Solkollen om mogeleg overtaking.

Protesterer mot politikarar

– Samtlege styrarar eg snakkar med i barnehagar som eg har vore med og overteke dei siste åra seier dei er takksame for å ha blitt ein del av Læringsverkstedet Solkollen, seier leiar Lasse Rosten.

Han reagerer på dei sterke skuldingane som fleire politiske leiarar rettar mot private barnehageselskap. «Private barnehageaktører som vokser seg stadig større, er en trussel mot mangfoldet», sa SV-leiar Audun Lysbakken til NTB nyleg, og saman med Raudt prøvde SV tidlegare i haust å stoppe det partia kallar «ei kommersialisering av barnehagesektoren». Partia ønskte ein statleg plan for opptrapping av kommunalt og ideelt eigarskap og drift av barnehagar. Stortinget sa nei.

– Nokre politikarar seier at vi trugar mangfaldet, og dermed blir valfridomen og kvaliteten i barnehagesektoren svekka. Slik eg ser det er situasjonen stikk motsett, det er nettopp me og andre private aktørar som er med og sikrar mangfaldet og valfridomen, seier Rosten.

LES MEIR: Kjøpsjakt på kristne barnehagar

Gründer var pastor

Solkollen blei starta som barnehageselskapet til pinseforsamlinga Filadelfia i Kristiansand, og dreiv fire barnehagar. I 2016 blei det kjøpt av Læringsverkstedet for 90 millionar kroner – og plassert inn i konsernet som eit selskap som skal drive barnehagar med såkalla utvida formålsparagraf, slik barnhageloven opnar for.

Læringsverkstedet blei etablert i 2003 av pedagogane Randi og Hans Jacob Sundby. Han har ein godt synleg kyrkjeleg bakgrunn. I 1992 var Hans Jacob Sundby med å grunnleggje Oslo Vineyard, ei frikyrkje knytt til den internasjonale Vineyard-rørsla. Sundby var pastor og administrator.

Ein stordrivar til

Ved sidan av Læringsverkstedet Solkollen barnehager er det ein stor nasjonal, kristen barnehageaktør, Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). Selskapet NLM Barnehagene driv 35 barnehagar på vegne av NLM. I tillegg driv NLM åtte barnehagar åleine eller i samarbeid med andre organisasjonar.

I november overtok NLM Barnehagene Solgløtt barnehage frå Bergen Indremisjon.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter