Nyheter

Kyrkjelyden helsar Frode Berg velkomen heim

Var leiar i soknerådet då han blei arrestert i Moskva.

– Det blir veldig bra å få Frode Berg heim til Kirkenes, seier Torbjørn Brox Webber. Han har permisjon frå jobben som sokneprest i Sør-Varanger kyrkjelyd i Kirkenes, men har vore sterkt engasjert i saka til Berg.

Den pensjonerte grenseinspektøren har sete fengsla i Moskva sidan desember 2017. Han blei i april i år dømt til 14 års fengsel for spionasje. Han skal ved fleire høve vore på oppdrag i Russland for Forsvarets etterretningsteneste.

LES MEIR: Biskopen besøker Berg

Tillitsvalt i Den norske kyrkja

Ved kyrkjevalet i 2015 blei Frode Berg valt inn i soknerådet i Sør-Varanger kyrkjelyd. Han blei valt til leiar då rådet konstituerte seg.

Men to år seinare kom han ikkje tilbake frå ein tur til Moskva.

– Berg-saka har prega arbeidet til soknerådet, akkurat som det har prega både kyrkje og samfunn i Kirkenes, seier Torbjørn Brox Webber.

Kjem heim til Kirkenes

Det er ikkje planlagt noko organisert mottaking av Berg når han kjem heim til Kirkenes.

– Men eg er sikker på at folk vil ta godt i mot han, seier Brox Webber.

Spiondømte Frode Berg blei fredag overlevert til den norske ambassaden i Litauen og kan kome heim til Norge og familien.

– Me er veldig glade for at saka no har funne den endelege løysinga , og at dette har enda godt både for Frode Berg, familien og lokalsamfunnet i Kirkenes, seier Øystein Hansen i Støttegruppen for Frode Berg til NTB.

LES MEIR: Kirkediplomati kan løse vanskelige saker

«Har vore gjennom mykje»

Hansen ser no fram til å få høyre kva Frode Berg har å seie om det han har vore igjennom.

– Til no har me berre høyrt éi side i denne saka, og det er den russiske. Me står nok ikkje først i køen for å få snakke med han, men me tar det heilt med ro. Det er mange ting som skal skje når han kjem heim, og han har vore gjennom mykje.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter