Nyheter

Kyrkjeleiarar ønskjer påske til fast tid

Protestantar, katolikkar og ortodokse prøver å bli samde om å feire påske same tid kvart år.

Bilde 1 av 2

Justin Welby er som erkebiskop av Canterbury overhovud i den verdsvide anglikanske kyrkja. Han ønskjer å få slutt på at påske flyt rundt på kalenderen i mars og april kvart år. Han ønskjer at påske – til liks med jul – skal kome på same tidspunkt kvart år. No samtalar han med andre kyrkjeleiarar om sak:

– Eg drøftar saka med mellom andre paven, fortel Welby til The Independent.

LES MER: Derfor feirer vi påske

Regel frå 325

På kyrkjemøtet i Nikea i 325 blei den kristne kyrkja samde om å ha éin regel for når påska skulle feirast. Dei frammøtte blei avgjorde at påskedagen, som markerer Jesus liding, død og oppståing, skulle feirast første sundag etter første fullmåne etter vårjamdøger.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

I den protestantiske og katolske kyrkjekalenderen har påske dermed blitt feira i tidsromet 22. mars - 25. april. I den ortodokse kyrkja, som har ein annan kalenderen enn protestantane og katolikkane' kjem påska ei veke seinare.

Men dette kan det no bli slutt på.

Justin Welby har nemleg teke på seg jobben som høgtidsplanleggjar. Han ønskjer ein fast dato for påskefeiring for alle kristne kyrkjer. Erkebiskop av Canterbury ser to store fordelar:

• Fjerne forvirringa om når påske blei feira.

• Samle verdas kristne kyrkjer.

LES MER: Påske er både godteri og Gud

Påskelov

Men det kan lettare sagt enn gjort å samordne påskefeiringa.

Ideen om å samle seg om ein fast dato for påskehøgtida blei presentert allereie på 900-talet, utan at samtalane førte til noko konkret.

I 1928 gjekk Storbritannia så langt at parlamentet vedtok påskelova; påskedagen skulle kome andre søndag etter den første laurdagen i april.

Men lova blei aldri brukt.

LES MER: Slik ble påsken en kristen høytid

Langt fram

The Independent fortel at anglikanarleiaren Justin Welby har vore kontakt med pave Frans, overhovud for vel ein milliard katolikkar, og den koptisk-ortodokse paven Tawadros II. Catholic News Agency melder at kyrkjeleiarane skal vere opne for å endre kyrkjekalenderen.

– Vi må kome fram til ei semje, sa pave Frans til nyhendebyrået i fjor.

Erkebiskopen av Canterbury trur så kan skje i løpet av fem til ti år.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter