Kirke

Kyrkje er saksøkt - domstol avgjer arvestrid

Kyrkjesamfunn og kristne organisasjonar vil gjerne ha arv. Spjelkavik kyrkjelyd vonar domstol avgjer strid.

– Me prøvde rettsmekling i februar, men partane stod for langt frå kvarandre. Som soknerådsleiar vil det vere vanskeleg å forhandle vekk verdiar kyrkjelyden har arva, så denne saka må tingretten avgjere, seier Ketil Hjelset til Vårt Land.

Han er leiar i soknerådet i Spjelkavik kyrkjelyd i Ålesund, og meiner kyrkjelyden skal ha det ein heimvendt ålesundar testamenterte til dei. Arven skal brukast til å byggje kyrkje.

Glede i kyrkjelyd

«Uventa og stor milliongave til ny kirke», melde Sunnmørsposten for eitt år sidan. Avisa kunne fortelje at ein avdød, barnlaus enkemann hadde testamentert ei raus gåve til Spjelkavik kyrkjelyd: Ein bustad, eigedommar og ein større sum pengar. Når alt var selt, ville arven runde åtte millionar kroner.

– Gjevaren var ikkje eit kjent menneske for oss, så gåva kom heilt overraskande på oss, sa Hjelset til lokalavisa, og oppsummerte arven som ganske så utruleg.

Strid om tolking

Eitt år seinare er tilhøva ikkje så oppstemte.

Ein slektsarving til avdøde har meldt seg med krav i buet. Konkret står striden om tolking av testamentet, opplyser advokat Ingvar H. Seth, som representerer slektsarvingen. Han seier det sentrale er om testamentet omfattar alt testator eigde, eller om det er noko som testamentet ikkje femner, og som slektsarvingen då vil arve.

– For å få avklart testamentet har vedkommande saksøkt Spjelkavik kyrkjelyd, seier Seth.

Husværet til avdøde er selt og pengane står på kyrkjelydens konto, så den delen av arven er det ikkje strid om, understrekar advokaten.

LES MEIR: Kristne organisasjonar ber om arv

Milliardar blir arva

Opp mot ein halv milliard kroner blir årleg gjeve som testamentariske gåver til frivillige organisasjonar. Men potensialet er monaleg større. Verdiar for 75 milliardar kroner blir årleg overført til neste generasjon nordmenn, viser ein rapport Høyskolen Kristiania har laga for Norges Innsamlingsråd.

Arv er viktige inntekter i budsjetta til kyrkjesamfunn og kristne organisasjonar. I fjor fekk Frelsesarmeen mest, 105 millionar kroner – eller ein halv million meir enn året før. Ein annan stor arvemotakar er Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). Her gjorde dei opp fjoråret med nesten 29 millionar frå dødsbu. Summen utgjer 18 prosent av gåveinntektene. Tilsvarande tal i Frelsesarmeen er heile 46 prosent. Her var det største buet på 12 millionar kroner.

Kampanje for arv

Frivillige organisasjonar har lenge vegra seg for å gå offensivt ut og be om arv, i frykt for å trø feil. Men ti kristne organisasjonar utfordra kulturelle stengsel, og rulla for eit år sidan ut kampanjen Det gode testament som ber folk hugse dei i testamentet. Dei ti er Bibelselskapet, Misjonsselskapet, Blå Kors, Frelsesarmeen, Kirkens Bymisjon, Kristen Idrettskontakt, Kirkens Nødhjelp, Sjømannskirken, Søndagsskolen og Wycliffe, som driv med bibelomsetjing. Kampanjen er eit samarbeid mellom Norges Innsamlingsråd og totalt 36 organisasjonar.

– Stadig fleire organisasjonar får førespurnader om arv, både om dei kan testamentere til organisasjonen og korleis. Men om fleire skriv testamente veit me førebels ikkje. Grunna sterk arvelov har ikkje nordmenn vore vane med å snakke om temaet, seier generalsekretær Siri Nodland i Norges Innsamlingsråd.

Avisa Dagen har samla fjorårets arveinntekter til 16 kyrkjesamfunn og kristne organisasjonar. Totalt mottok desse dødsbu verdt 175 millionar kroner - noko som er 6,6 millionar mindre enn 2017.

I april rullar Innsamlingsrådet og dei ti organisasjonane ut ein ny kampanje.

LES MEIR: Testamenterer til kreft og kristendom

Utsett rettsrunde

I Ålesund førte ikkje rettsmeklinga i februar fram, og etter planen skulle difor partane ha møttest i Sunnmøre tingrett sist veke, men saka blei utsett.

– Me ønskjer å få bruke meir tid på å hente inn informasjon som kan opplyse saka betre, fortel advokat Ingvar H. Seth.

Han seier klienten vonar å få til ei minneleg ordning med kyrkjelyden.

Saksøkte arvingar

Frelsesarmeen har løyst arvestridar i domstolen. I fjor gjekk kyrkjesamfunnet til sak mot fem arvingar, saman med Kreftforeningen og Nasjonalforeningen.

Ei kvinne døydde i 2016. Ho etterlet seg eit testament der fem slektningar arva verdiar for 35 millionar kroner. Men saman med avdød ektemann hadde kvinna også sett opp eit testamente i 1997. Her blei Frelsesarmeen og dei to andre tilgodesett, etter at familien hadde fått ein pengedel kvar. Dagens Næringsliv omtalte denne saka først.

Under forhandlingar ved Oslo byfogdembete meinte domstolen at det var det siste testamentet som skulle leggjast til grunn, men sa samstundes at initiativet var på Kreftforeningen, Nasjonalforeningen og Frelsesarmeens side. Dei måtte godta det siste testamentet eller gå til sak. Dei tok ut søksmål i mars 2018 (sjå eiga sak).

Oppfylle siste ønskje

Saka blei avgjort av Oslo byfogdembete i juni i fjor. Dei fem slektningane vann på alle punkt, for testamentet frå 1997 var ikkje ei arvepakt. Saksøkjarane måtte også ut med sakskostnadane.

Frelsesarmeen og dei to andre organisasjonane anka ikkje avgjerda. Dei fem familiearvingane fekk hand om arven.

– Rettssaker om arv, der den eine part har teke ut søksmål, kan ofte bli upresist presenterte for publikum. Likevel er det viktig å avklare kva som var testators siste ønskje, slik at dette blir oppfylt, seier Nodland i Innsamlingsrådet.

Rettsavgjerd i vente

I Spjelkavik kyrkjelyd fortel soknerådsleiaren at dei oppfattar testamentet slik at dei arvar alt etter mannen som ikkje hadde livsarvingar. Hjelset er difor ikkje innstilt på «minneleg løysing».

– Kva omdømmekostnadar har denne saka for kyrkjelyden?

– Ho er ikkje ei belastning for oss. Eg oppfattar at saka er uproblematisk. For det blir retten som avgjer utfallet av usemja.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke