Nyheter

Kyrkja ueinig i lovbrot

– Når Likestillings- og diskrimineringsnemnda seier at bispedømerådet har brote lova, må det sjølvsagt føre til endring, seier nestleiar i Presteforeininga. Det er ikkje kyrkja einig i.

I november konkluderte Likestillings- og diskrimineringsnemnda at Sør-Hålogaland bispedømeråd braut likestillingslova då dei «positivt særbehandlet menn» framfor den kvinnelege søkjaren Hilde Fylling til ei stilling som sokneprest.

Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) kom til same konklusjon i mars i år. Bispedømerådet var ueinige og anka saka til nemnda. Den samrøysta konklusjonen i november var at rådet har handla i strid med forbodet om diskriminering på grunn av kjønn.

– Vi er ueinige, men vi tek det til etterretning, seier leiar i bispedømerådet, Marit Hermstad til Vårt Land.

Nemnda har ikkje fullmakt til å gjere om saka.

LES OGSÅ: Fekk ikkje prestejobb fordi ho er kvinne

Kjønnsbalanse

Prest Hilde Fylling var éin av to som søkte på ei stilling som sokneprest i Sør-Hålogaland hausten 2016. Til trass for at Fylling hadde 15 års lengre relevant erfaring og meir utdanning enn den andre, mannlege søkjaren, fekk ho ikkje jobben.

Forklaringa ho fekk, var at omsynet til kjønnsbalansen vart avgjerande. Det var ein kvinneleg prest i soknet frå før, og i nabosoknet var det også to kvinnelege prestar.

Dette kjem også fram i bispedømerådets syn i vedtaket frå nemnda i november:

«Da søkerne ble vurdert som like godt kvalifiserte, hadde bispedømmerådet anledning og plikt til å legge vekt på kjønnsbalansen i det utsnitt av prestekollegiet som bispedømmerådet fant mest relevant å bedømme.»

Dei viser til personalreglementet, som seier at representasjon av begge kjønn i prestekollegiet skal vektleggast.

LES OGSÅ: Fryktar meir diskriminering med ny lov

Krevjande

– Eg hadde høyrt rykte om at denne delen av personalreglementet vart brukt imot det å tilsette kvinner. Når eg opplevde at det same skjedde med meg, tenkte eg at det var viktig å rydde opp i dette her, seier Hilde Fylling.

Ho fortel at saka har vore krevjande. No er ho glad for at Likestillings- og diskrimineringsnemnda er klar og tydeleg i sin konklusjon.

– Bispedømerådet er ikkje einige, men vil ta avgjersla til etterretning. Kva tenker du om det?

– Eg er overraska over at nokon som er opptekne av likestilling ikkje respekterer Likestillingsnemnda meir enn det, svarar Fylling.

– Må føre til endring

Anna Grønvik, nestleiar i Presteforeininga, er òg overraska over reaksjonen frå bispedømerådet.

– Eg forstår ikkje heilt korleis det å ta noko til etterretning samtidig som ein er ueinig, heng saman, seier ho.

Grønvik tykkjer det er viktig at slike saker vert behandla, slik at ein kan få ei avklaring. Ho trekk fram eit element av vedtaket frå nemnda ho meiner er interessant.

– Dei skriv at dei ikkje trur at bispedømerådet hadde til hensikt å bryte lova. Det viser at det objektivt sett er mogleg å bryte lova likevel.

Ho meiner dette er viktig for kyrkja vidare.

– Det er lett å trå feil for alle dei som har med tilsetjingar å gjere, seier Grønvik.

Nestleiaren tykkjer det er underleg at bispedømerådet sjølv ikkje viser til denne delen av vedtaket, og tek konsekvensen av det.

– Eg trur ikkje at eit bispedøme med kvinneleg biskop og bispedømerådsleiar, har til hensikt å gjere noko som bryt med likestillingslova. Når nemnda seier at dei likevel har gjort dette, må det sjølvsagt føre til endring.

Med i tankane

På spørsmål om denne saka vil påverke framtidige situasjonar i bispedømet, svarar Marit Hermstad slik:

– Reint generelt er eventuelle tilbakemeldingar på saksbehandling noko som bispedømerådet tek med seg. Det skulle berre mangle, uansett om ein meiner det eine eller det andre.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter