Erik Andreassen er hovudpastor i Oslo misjonskirke Bethlehem, kyrkjelyden som sist veke blei kjent for å vere forsamlinga til ikkje mindre enn tre av fire i den politiske leiinga i Barne- og familiedepartementet.

For i tillegg til statsråd Kjell Ingolf Ropstad, går også statssekretær Julian Farner-Calvert og politiske rådgiver Elisabeth Løland i kyrkjelyden på Oslos austkant.

– Men eg blir ikkje Ropstads pastor i det offentlege rommet, understrekar Andreassen.

Han seier vidare at dei tre kjende kvarandre godt frå år i KrF før dei byrja i same kyrkjelyd.

LES MEIR: Tre av fire i same kyrkjelyd

Med i bøn

Sundag var det som vanleg gudsteneste i Oslo misjonskirke Betlehem, som er blant dei større forsamlingane i Frikyrkje-Norge. KrF-trioen var ikkje der.

Men dei blei omtalt, i gudstenesta. For då kyrkjelyden samla seg i bøn, ba forsamlinga for konge, storting og «den utvida regjeringa» – og for den politiske leiinga i Barne- og familiedepartementet:

– Gje dei den visdomen dei treng.

Glade i dei

Sverre Walseth er valt leiar i leiarskapet i Oslo misjonskirke Betlehem. Han forklarar at dei med jamne mellomrom ber for konge, storting og regjering - og at det var naturleg å gjere det i går etter at den utvida regjeringa var på plass.

– Her ber me for alle regjeringar, for her er alle parti representerte blant medlemmene i forsamlinga, seier Walseth.

Han opplever ikkje at det er noko spesielt å ha ein statsråd, ein statssekretær og ein politisk rådgjevar, frå eitt departement, som noko særskilt.

– Me er glade for å ha alle tre her, akkurat som me er glade for alle som går i kyrkjelyden.

Treng forbønn

Andre Vårt Land snakkar med på kyrkjekaffien etter gudstenesta seier det er flott at dei blei tekne med i kyrkjebøna, «for det treng dei verkeleg i den jobben dei skal gjere», som ein seier. Atter andre er meir opptekne av mediebiletet som blir teikna av særleg Kjell Ingolf Ropstad – «det er karikert», meiner ei.

Ikkje medfødt

«Kyrkja vil gi homohjelp - Trussamfunnet til statsråd Kjell Ingolf Ropstad (KrF) er medlem av eit forum som vil hjelpe menneske med 'uønska seksuell orientering'», melde Klassekampen laurdag.

Forumet det er snakk om er TilHelhet, som presenterer seg slik på eiga heimeside: «Vi i Til Helhet ønsker å bistå deg som har en – for deg – uønsket seksuell orientering eller uønskede følelser (lesbiske/homofile/bifile følelser/transseksualitet), og som selv ønsker hjelp i prosessen med å finne en ny vei i dette» og «Vi tror og mener at seksuell identitet ikke er noe som er medfødt ... men noe som utvikler seg blant annet i et samspill med betydningsfulle personer, spesielt i oppvekstårene».

Fatta vedtak

Til Helhet opplyser at dei er knytt til fleire kyrkjesamfunn og misjonsorganisasjonar. På heimesida står Det norske misjonsforbund oppført, men forbundet skifta namn til Misjonskirken i 2016.

Andreassen i Oslo misjonskirke Betlehem opplyser til Vårt Land at Misjonskirken Norge fatta for nokre år tilbake eit vedtak om at kyrkjesamfunnet ikkje skal ha band til ulike nettverk, forum eller interesseorganisasjonar. Difor har ikkje Misjonskirken sentralt noko band til Til Helhet.

LES MEIR: Ropstad snakker ut - om seire, makt og tap

Tek avstand

Etter saka i Klassekampen la Oslo misjonskirke Betlehem ut ei melding på eiga heimeside:

«Menigheten har ingen tilknytning til nettverket Til Helhet. Oslo misjonskirke ønsker ikke å tilby homofile en hjelp for å endre deres legning (...) Det er spesielt viktig for oss å presisere at alle barn og ungdom som vokser opp i, og er i berøring med, vår menighet, skal få lov til å være seg selv, og bli elsket for den de er.»

På eiga Facebook-side skriv Kjell Ingolf Ropstad at han tek avstand frå arbeid med seksuell reorientering: «Jeg er barne- og familieminister for alle barn, uansett legning, og for alle familieformer.