Nyheter

Kvinne (73) fekk tvillingar

Mangayamma Yaramati (73) er truleg verdas eldste førstegongsfødande. Då ho fødde tvillingar, fekk mannen (82) hjarteinfarkt.

Sitarama Rajarao og Mangayamma Yaramati har vore mann og kone i 57 år - og i alle år hadde dei ei stor sorg: Dei var barnlause.

Mangayamma Yaramati frå delstaten Andhra Pradesh fortel lokale medier at ho og mannen er blitt stigmatiserte i lokalmiljøet fordi ho ikkje har fødd barn.

LES MEIR: Regjeringen endrer bioloven

«I Guds hender»

Men førre torsdag kom det store skiftet i ekteparets liv. Mangayamma Yaramati på 73 fødde tvillingar, to jenter.

– Me har prøvd mange gonger, og møtt talrike legar, så dette er den lukkelegaste stunda i livet mitt, fortel ho.

– Me er ufattelege lukkelege, seier han.

Fødselen kunne likevel ha skapt stor sorg i familien. For dagen etter tvillingfødselen blei Sitarama Rajarao ramma av eit hjarteinfarkt, og måtte på sjukehus. Men han kom til hektene:

– Kva enn som skjer, så er det i Guds hender, utdjupar Sitarama Rajarao.

Mor fødd i 1946

Jentene er fødde som følgje av IVF-behandling, best kjent som prøverøyrsbehandling. Klinikken som har hjelpt ekteparet med å bli foreldre, har brukt donoregg frå ei anna kvinne og sæd frå Sitarama Rajarao. Tvillingane blei fødde ved keisarsnitt.

Parets lege, Uma Shankar, fortel at Mangayamma Yaramati lukkast med å bli gravid på første forsøk i januar. Yaramati er ikkje den første indiske kvinna over 70 år som føder for fyrste gong. I 2016 fødde 72 år gamle Daljinder Kaur ein son, ifølgje indiske medier.

Dokumentert rekord

Dersom Mangayamma Yaramatis alder kan dokumenterast, blir ho verdas eldste førstegongsfødande kvinne. I dag har spanske Maria del Carmen Bousada Lara den rekorden, ifølgje Guinness World Records. I 2006 fødde ho ein son - og var 66 år og 358 dagar gammal.

Medan tvillingfødselen går verda rundt, har Andhra Pradesh Medical Council starta ein debatt om aldersgrense for prøverøyr.

– Me skal drøfte dette på neste rådsmøte, fortel Buchipudi Sambasiva Reddy, leiar i det medisinske rådet.

LES MEIR: Vil veilede kristne om prøverør

Mormor blei surrogatmor

I Vesten er Cecile Eledge (61) frå delstaten Bebraska i USA mellom dei eldste som har fødd eit barn. I vår fødde ho sitt eige barnebarn, som surrogatmor for sonen Matthew Eledge (32) og hans ektemann Elliot Dougherthy (29).

Syster til Elliot Dougherthys var viljug til å donere egg til paret. Legen til 61-åringen sjekka helsetilstanden, og fann ho kapabel til å bere fram eit barn på nytt.

I mars fødde Cecile Eledge jenta Uma.

Kjelder: Times of India, Hindustan Times, BBC, The Guardian, Huffington Post, People

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter