Nyheter

Kun fem kvinner har seminar

– Tala er akseptable, seier NLM Ung.

Kvinnelege talarar blir ofte etterlyst på dei kristne sommararrangementa. På Ung Landsmøte i år er fire av sju talarar på dei store møta kvinner. På seminara er det fem kvinner som skal prate av totalt 19 personar.

– Tala er akseptable. Dei fleste i leiarposisjon er menn og då blir utvalet av kvinner mindre, seier NLM Ung-leiar Hans Kristian Skaar om festivalen dei arrangerer.

Særleg på seminar der det blir kravd spesialkompetanse­ innanfor eit område, er det vanskeleg å finne kvinner, meiner han.

LES MER: Kvinnebølge på Normisjons talerstol

Debuterer

Margunn Kjølleberg er ein av dei som skal tale på eit hovudmøte.

– Dette er det vanskelegaste eg har gjort, seier 23-åringen.

Ho har talt seks gongar før, men då for grupper på rundt 50 personar. No er det godt over 2.000 menneske i 
salen.

LES MER: Kristne kvinner krever oppgjør med mannskulturen

– Har du tips til andre unge som blir spurt?

– Eg vil ikkje seie «køyr på» dersom du ikkje er klar. 
Men sei ja dersom du trur Gud vil du skal gjere det.

Kjølleberg trur ikkje det er usannsynleg at ho har blitt kvotert inn.

– Korleis kjennes det?

– Det er heilt greitt. Eg har uansett blitt spurt.

LES OGSÅ: Nå skal kvinnene fortelle sin historie

Følg oss på Facebook og Twitter!

Ikkje feminist

Kvinneforkjempar vil ho ikkje kalle seg.

– Det er viktigare kva som blir sagt enn kva kjønn det kjem i frå. Samtidig så treng kristne både menn og kvinner som forbilde. At tre av sju talarar­ på UL er kvinner, synes­ eg er godkjente tal.

LES MER: Ikke rart unge kvinner tviler på egne evner, skriver Berit Aalborg

– Fem av 19 seminarhaldarar er menn?

– Dersom det berre er fem av seminara som går på tematikk­ som kvinner er interessert­ i, så er det dumt. Men dersom seminara treff begge kjønn godt, så er det ikkje så nøye at berre fem av dei blir halde av kvinner.

Skaar seier NLM Ung vil at begge kjønn må vere representert på talarstolen.

– Dersom ein mann talar, kjem flest gutar til forbønn, og omvendt. Det seier noko om at talarar kommuniserer best til sitt eige kjønn. Difor er det viktig for oss å dyrke fram fleire kvinnelege forkynnarar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter