Nyheter

Kronprinsparet vitjar overvakingsstat

Regimet kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit vitjar denne veka, har bygd ut eit landsdekkjande nett av kontrollørar og angjevarar.

Det enorme landet på Afrikas horn blei aldri kolonisert. Etiopia er litt større enn Tyskland og Frankrike til saman, og er med vel 100 millionar borgarar Afrikas nest mest folkerike stat.

Til skilnad frå fleire andre store statar i Afrika, strekkjer styresmakta i Addis Abeba seg langt utanfor bygrensa til hovudstaden, faktisk heilt ut i avkrokane på landsbygda.

I Etiopia bur 80 prosent i såkalla rurale strok der dei er bønder.

– Eg er nummer éin, fortel Takele Alene.

Bonden er ein av dei vel 80 millionar etiopiarane som bur langt frå byen. Alene er maktas mann i landsbyen Fendika, nord i Etiopia.

LES MEIR Kongen får ros for åpenhet om tro

Maktkoalisjon

Det etiopiske folks revolusjonære demokratiske front (EPRDF) er ein koalisjon av fire parti som er tufta på regionar og folkegrupper:

Tigray People›s Liberation Front (TPLF).

Amhara National Democratic Movement (ANDM).

Oromo People's Democratic Organization (OPDO).

Southern Ethiopian People's Democratic Movement (SEPDM).

Koalisjonen har most absolutt all motstand i parlamentsvala i 1995, 2000, 2005, 2010 og 2015, og fyller alle seta i parlamentet. Etiopias sterke mann er Hailemariam Desalegn, leiar av SEPDM sidan 2002, og leiar av EPRDF og statsminister sidan 2012.

Informere

New York Times har møtt Takele Alene på heimleg grunn. I Fendika er han landsbyleiar, dommar, skatteoppkrevjar, landbruksrådgjevar - og statens øyre og auge. Lite eller ingenting skjer utan at Alene får vite om det. Og kan gripe inn. Eller melde frå oppover i kontrollsystemet.

I Etiopia har dei bygd opp eit informasjonssystem som ber namnet ein-til-fem. Kvart medlem av EPRDF skal verve fem personar til ein liten studiesirkel. Systemet blei etablert for at dyktige bønder, med partibok, skulle verve fem fattige naboar som skulle dra vekslar på modellbondens kunnskapar. Målet var å byggje ein «utviklingshær» som særleg skal utvikle landbruket.

Kontrollere

Resultatet er blitt eit særs nyttig verktøy for å samle inn informasjon – og kontrollere Etiopias 100 millionar borgarar, melder menneskerettsorganisasjonar.

I Fendika fortel Takele Alene, partimedlem sidan 1991, at dei som går inn i partiet, får fleire fordelar. Blant dei han har verva er den lokale presten. Han igjen forkynner bodskapen om fordelane av å vere medlem av partiet.

I dag har EFRDP vel sju millionar medlemmer, eller ein av fem etiopiarar mellom 20 og 65 år.

Spionere

– Du kan ikkje stole på mor di, syster di eller bror din. Den viktigaste oppgåva til ein-til-fem er å spionere på folk, fortel Ermias Legesse til New York Times. Han var statsråd og sjef for informasjonsministeriet i Etiopia fram til han rømde landet og søkte asyl i USA i 2011.

Legesse seier nettverket kontrollerer alt frå hushaldningar til universitet, bedrifter og fengsel. Målet er å halde all opposisjon i sjakk.

LES MEIR Åpnet gjenbruksbutikk

11 døde

Landet kronprinsparet vitjar fram til torsdag – saman med 50 næringslivsleiarar – er med ujamne mellomrom heimsøkt av uro. I slutten av oktober blei 11 personar drepne i kampar i den urolege Oromia-regionen.

Etiopia er i haust prega av ei bølgje av protestar mot regjeringa, melder NTB, og protestane går ofte over i vald mellom etniske grupper. Dei 11 døde tilhøyrte folkegruppene oromo og amharar, to av de største etniske gruppene i Etiopia.

Valden er gjennomført av grupper som prøver å sabotere fredsprosessen som vi er i gong med, opplyste Oromia-regionens talsmann Addis Arega i ei fråsegn på Facebook.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter